Oftast vil du treffe både lege og audiograf ved ditt første møte på øyre-, nase-, halsavdelinga. Legen undersøkjer øyrene dine, og ein audiograf vil utføre ulike høyrselsmålingar. Deretter blir behovet for høyreapparat vurdert. Ein audiograf har særleg kunnskap om audiologi (læra om høyrsel og lyd), høyreapparat og anna audiologisk utstyr, og korleis ein kan tilpasse desse til brukarar med ulike former for høyrselstap.
Audiografen tilpassar høyreapparatet etter høyrselstapet ditt, og du får det deretter på utlån. Du får nødvendig informasjon om bruk og stell av apparatet. For ein førstegongsbrukar dukker det ofte opp mange spørsmål. Ta gjerne med deg nokon som kan hjelpe deg å hugse informasjonen du får dersom du ønskjer det.
Kor lang tid tar behandlinga/undersøkinga?
Kor lang tid det tar, vil variere. Ta kontakt med din behandlingsstad for informasjon om din time.