Vi registrerer otoakustiske emisjonar (OAE). Dette er ei objektiv høyrselsmåling, der vi testar funksjonen i det indre øyret. Det skjer ved at vi set inn ein liten propp som inneheld ein mikrofon og ein høgtalar, inn i øyregangen til barnet. Høgtalaren sender klikkelydar inn i øyret, ved bearbeiding av klikkelydane blir det generert ein lyd i det indre øyret som er målbar i øyregangen via mikrofonen.
Målinga er rask og smertefri. Ved respons på ei slik måling, er det lite sannsynleg at barnet har nedsett høyrsel.
Hos nokre barn får vi ikkje respons med OAE. Det kan ha fleire grunnar, som for eksempel dei tekniske forholda under undersøkinga. Viss barnet framleis har fostervatn eller fosterfeitt i øyregangen, eller veldig trange øyregangar kan det føre til at vi ikkje får respons. Statistisk sett er det kun 2 - 3 av 1000 barn som vil vere høyrselshemma ved fødselen.