Hudbiopsi
Ved hudbiopsi blir det teke ein liten vevsprøve frå huda. Prøve blir send til nærmaste patologilaboratorium for mikroskopisk undersøking.
Ved stansebiopsi fjernar vi ein liten del av huda ved bruk av ein liten (2 – 8 mm) og rund kniv. Stansebiopsi er aktuelt som ledd i utgreiing av ulike hudsjukdommar, både hudsvulstar, hudkreft og forskjellige utslett.
Før
Det er vanlegvis ikkje nødvendig med spesielle førebuingar før stansebiopsi. Barn som skal ta stansebiopsi, kan få forbehandling med bedøvande krem (Emla) 1 time før prosedyren.
Under
Du får lokalbedøving der vi skal ta biopsien. Når bedøvinga verkar, tek vi ut ein liten bit av vevet (2 – 8 millimeter). Det er ofte ikkje nødvendig å sy ved dei minste stansebiopsiane, men ved litt større biopsiar (6 – 8 millimeter) får du 1 – 2 sting. Såret blir dekt av plaster som kan sitje på til det dannar seg skorpe.
Etter
Såret gror i løpet av eit par veker. Du vil få eit lite arr etter biopsien.
Prøven vi har teke, blir send vidare til undersøking hos patolog. Det tar vanlegvis to fire veker å få svar på prøven. Legen som har teke prøven, er ansvarleg for at du får informasjon når svaret på prøven er klart, og at vidare tiltak blir sett i gang dersom det er aktuelt.
Ver merksam
Det er sjeldan komplikasjonar etter stansebiopsi, men hudinfeksjon kan førekomme. Dersom huda omkring biopsistaden blir raud, varm, hoven og smertefull i dagane etter prøven, må du kontakte lege, anten legen som har teke prøven, eller fastlege/legevakt.