Modning av livmorhalsen ved hjelp av kateter (Foley-kateter)
Foley-kateter er ein mjuk gummislange som vanlegvis blir brukt til å tappe urin frå urinblæra (kateterisering).
Kva skjer under behandlinga?
Kateteret blir ført inn i livmora via skjeden og gjennom livmorhalsen.
Når kateteret er på plass, blir ballongen i enden av kateteret fylt med sterilt saltvatn. Ein del av kateteret / gummislangen blir hengande ut av skjeden din. Denne blir festa til låret ditt med tape, og er ikkje til hinder for vanleg aktivitet som bevegelse og toalettbesøk. Det er vanleg at det kjem utflod blanda med litt friskt blod frå skjeden etter at kateteret er sett på plass.
Korleis verkar kateteret?
Ballongen har to funksjonar; å halde kateteret på plass og modne livmorhalsen for fødsel. Irritasjon og trykk frå ballongen mot livmorhalsen fører til at hormonet prostaglandin blir frigjort. Prostaglandin er med på å modne livmorhalsen.
Kor lenge varer behandlinga?
Du kan reise heim etter at kateret er sett på plass. Om det er tilstandar hos deg eller barnet som treng ekstra overvaking, vil innlegging på sjukehus bli vurdert.
Det er vanlig at ballongen blir liggande i ca. ett døgn. Legen vil vurdere hvor lenge ballongen bør ligge inne hos deg, og vil informere deg om dette. Kort tid etter at kateteret er sett inn, kan du oppleve å få ein del samantrekningar i livmora. Desse samantrekningane varierer i intensitet og styrke, og kan vere smertefulle. Dei kan vare i fleire timar. Hos nokon vil desse utløyse fødselsrier og fødsel.
Før du drar frå sjukehuset vil du få informasjon om korleis du skal forhalde deg om kateteret fell ut heime, og når og kor du skal kome tilbake for vidare behandling. Oppstår det endringar hos deg eller barnet etter du har reist frå sjukehuset, må du ta kontakt med avdelinga.
Modning av livmorhalsen ved bruk av hormon
Målet med denne behandlinga er å modne livmorhalsen og stimulere til samantrekningar og rieaktivitet. Hormonet prostaglandin blir framstilt syntetisk, og blir brukt for å oppnå denne effekten. Prostaglandin kan blir gitt i form av ei stikkpille/ein kapsel som blir lagt inn i skjeden eller det kan bli gitt som ein tablett som du svelger.
Kva skjer under behandlinga?
Ved denne behandlinga er du innlagt på sjukehus. Før behandlinga startar vil lege / jordmor gjere ei vaginal undersøking for å vurdere livmorhalsens lengde, posisjon, kor mjuk han er og om han har begynt å opne seg, og kor i bekkenet barnet er (kalla Bishops score).
Det vil bli tatt ei CTG-registrering av barnet både før og under behandlinga. CTG (carditokografi) er ei elektronisk overvaking av barnets hjarteslag og aktivitet, i tillegg til mors rieaktivitet. Det blir alltid tatt ny CTG-registrering før kvar nye dose med prostaglandin blir gitt. Legen vil også vurdere om ultralydundersøking av barnet skal gjerast før behandlinga startar.
Foto: Haukeland universitetssjukehus
Ved stikkpille/kapsel som blir lagt inn i skjeden, blir du anbefalt å tømme blæra. Når stikkpilla/kapselen er sett på plass, må du ligge i senga ei stund for å unngå at den fell ut.
Kor lenge varer behandlinga?
Kvar 4.-6. time blir effekten av behandlinga vurdert, altså ein vurderer om det har hatt nokon effekt på livmorhalsen. Om du får rier /samantrekningar, vil styrke og hyppigheita på riene vurderast fortløpande.
Det blir gitt ny dose med prostaglandin kvar 4.-6 time inntil modning av livmorhalsen er oppnådd, eller du får rier. Kor mange doser som må til for å oppnå modning av livmorhalsen, varierer frå kvinne til kvinne. Jordmor / lege vil fortløpande vurdere effekt av behandlinga og tilstanden til deg og barnet, og ut frå dette planlegge vidare behandling, oppfølging - og sette i verk tiltak.
Nokon kvinner får hyppige, plagsame kynnarar / samantrekningar av livmora i forbindelse med denne behandlinga, utan at fødselsriene kjem i gang. Om ikkje desse samantrekningane fører til opning av livmorhalsen, så har samantrekningane likevel ein viktig funksjon for modninga av livmorhalsen.
Drypp for å stimulere til rier / rieaktivitet
Når livmorhalsen er moden og klar for å begynne å opne seg, blir ofte oxyticindrypp valt som metode for å sette i gang fødselen.
Kroppen blir då tilført hormonet Oxytocin. Det er hormonet Oxytocin som får livmora til å trekke seg saman, og utløyse rier. Riene får livmorhalsen til å trekke seg til side og lagar opning så barnet kan passere gjennom fødselskanalen.
Kva skjer under behandlinga?
Jordmor legg inn ein venflon i ei av blodårene oppå handa di. Venflon er ein tynn plastslange som blir liggande inne i blodåra, og medisinen blir gitt via denne. Slangen blir festa godt med plaster, og du kan bruke handa som vanleg under fødselen.
Via venflonen får du tilført det riestimulerande hormonet Oxytocin. Mengda Oxytocin som blir tilført, blir justert og vurdert fortløpande. Ein startar alltid med låg dose og trappar gradvis opp, inntil du får rier som fører til at livmorhalsen opnar seg og får fødselen i gang.
Stikke hol på fosterhinnene - ta fostervatnet
Når fødselen blir sett i gang med oxytocindrypp, blir det ofte kombinert med å "ta vatnet". Det vil seie at jordmor / lege ved hjelp av ein liten plastkrok lagar eit hol i fosterhinnene for å få fostervatnet til å renne ut. Dette blir kalla ein
amniotomi. Dette vil også stimulere til rier og kan fremje fødselsprosessen.
Dei aller fleste må ha drypp tilkopla heilt til barnet er fødd. Men det hender også at dryppet kan reduserast og eventuelt fjernast fordi kroppen sjølv tar over produksjonen av Oxytocin. Kroppens eigen rieaktivitet er då komen i gang og overtar for dryppet.
Når fødselen blir sett i gang ved drypp, blir barnets hjarteslag og din rieaktivitet nøye overvaka. Du blir derfor kopla til eit CTG-apparat som registrerer hjarteslag, bevegelse og aktivitet hos barnet. CTG (carditokografi) er ei elektronisk overvaking av barnets hjarteslag og aktivitet, og mors rieaktivitet.
I nokre tilfelle kjem ikkje riene i gang sjølv om du får drypp. Du kan få kynnarar og rier som ikkje får mormunnen til å opne seg eller ikkje får fødselsprosessen til å gå framover. Då kan det bli aktuelt å ta ein pause eller å avslutte behandlinga. Nokon kvinner får eigne rier etter at vi har stengt av dryppet, men om det ikkje skjer, vil det bli vurdert nytt drypp etter ein pause.