Behandling
Igangsetting av fødsel
Induksjon (igangsetting av fødsel) blir alltid utført på bakgrunn av ein grundig vurdering, og blir berre gjort når dette blir vurdert som den beste behandlinga for mor og/eller barn.Utgangspunktet for all fødselshjelp er å leggja til rette for eit best mogleg utfall for mor og barn. At fødselen startar av seg sjølv mellom svangerskapsveke 37 og 42, er vanlegvis det som gir enklast fødselsforløp. Men av og til oppstår det tilstandar i svangerskapet som gjer det nødvendig for mor og/eller barn å påskunda fødselen for å unngå moglege alvorlege komplikasjonar. Dei vanlegaste årsakene til induksjon er høgt blodtrykk/svangerskapsforgifting, diabetes/svangerskapsdiabetes, og langsam fostervekst (lite barn). Alder over 40 år er også medverkande. I tillegg tilrår me induksjon til alle som ikkje har fødd 11 dagar etter ultralydtermin (42 veker).
Kor lang tid tek det?
Det er vanskeleg å vita kor lang tid ein induksjon vil ta. Om fødselen din blir sett i song, bør du innstilla deg på at det kan ta tid før fødselen startar og du føder. For nokre kvinner kan det ta fleire dagar, medan for andre går det raskare. Faktorar som speler inn er mellom anna talet på svangerskapsveker ved tidspunktet for igangsetjing, om du har fødd tidlegare, allereie starta med rier, eller om fostervatnet har gått.
Tilvising og vurdering
Du må alltid ha tilvising frå fastlege eller jordmor i primærhelsetenesta for å bli vurdert ved fødeavdelinga om fødselen bør settast i gang. Ved akutte situasjonar kan du kontakte fødeavdelinga direkte, om mogleg - ring alltid til fødeavdelinga før du drar.
Før
Terminkontroll (veke 41-kontroll)
Alle gravide får tilbod om terminkontroll på fødeavdelinga der dei skal føde, når dei er circa 4 dagar over termindato fastsett ved ultralyd. Svangerskapet er då ikkje på overtid.
Overtid i svangerskapet er når svangerskapet varer meir enn 42 veker (>294 dagar), eller 11 dagar over termindato fastsett ved ultralyd.
Terminkontrollen kan avtalast til første verkedag som er praktisk gjennomførbar for kvinna og sjukehuset.
Overtidskontroll (> 42 veker)
Om du ikkje føder innan svangerskapsveke 42, vil jordmor / lege som følger deg i svangerskapet informere deg om når og kor du skal til overtidsvurdering.
Under
Ulike metodar for å sette i gang fødsel
Det er ulike metodar som kan brukast for å framskunde ein fødsel. Kva metode som blir valt, blir avgjort etter ei individuell vurdering.
Under graviditeten er livmorhalsen fast og fleire centimeter lang. Etter kvart som du nærmar deg fødselen, vil livmorhalsen bli mjukare og kortare, og begynner å opne seg.
Illustrasjonen viser ein umoden livmorhals / mormunn. Mormunnen har ikkje begynt å opne seg og vevet er tjukt, langt og umode, slik det som oftast er før fødselen startar.
Illustrasjonen viser ein moden livmorhals / mormunn der barnets hovud står og pressar mot livmorhalsen som er flata ut og har begynt å opne seg.
For å avgjere korleis vi best kan få sett i gang fødselen, må lege eller jordmor gjere ei gynekologisk undersøking. Dei vil kjenne etter om modningsprosessen har starta.
Først etter undersøkinga kan det vurderast kva for ein metode som er best å bruke for å sette i gang fødselen. Er livmorhalsen umoden, blir første steg i behandlinga oftast å sette i verk tiltak for å fremje modning av livmorhalsen. Om livmorhalsen er moden, vel ein tiltak for å få i gang rier.
Etter
Det kan ta frå nokon timar til fleire dagar frå igangsettinga (induksjonen) startar og til fødselen er i gang og du føder. Det er ikkje mogleg å føreseie kor lang tid det vil ta, før behandlinga har starta og vi ser korleis kroppen din responderer på behandlinga.
Når riene har starta og fødselsprosessen er i gang, vil fødselen som oftast gå som normalt.
Om fødselen ikkje startar
Dersom behandlinga ikkje fører til at fødselen startar, vil legen saman med deg legge ein plan for vidare oppfølging og behandling. Det kan bli aktuelt å avslutte behandlinga og ta ein pause, før ein igjen set i verk igangsettande tiltak. Erfaringa viser at ein slik pause er gunstig, og at fødselen då kjem i gang når behandlinga blir starta igjen.
Om igangsetting av fødselen ikkje fører fram til ein vaginal fødsel eller din og/eller barnets tilstand krev rask forløysing, vil ein vurdere forløysing med keisarsnitt.