Innsetting av gullmarkørar i prostata, Kristiansund

Kirurgisk og ortopedisk poliklinikk, Kristiansund

Gullkorn blir brukt til å markere prostata under strålebehandling. Gull er svært tydeleg på røntgenbilde, slik at gullmarkørane gir større mogelegheit til meir nøyaktig stråling, og minkar stråleskadar på vevet rundt.

Les meir om Prostatakreft
Informasjon frå helsenorge.no

Prostatakreft

Prostatakreft er ondartede svulster som utgår fra kjertler og ganger i prostatakjertelen. Prostatakreft gir ofte ikke symptomer i begynnelsen av sykdomsfasen.

Symptomer på prostatakreft

​I mange tilfeller gir ikke kreft i prostata merkbare symptomer i tidlig fase av sykdommen.

Vanli​ge symptomer er

  • tynn og svak urinstråle
  • hyppig vannlating
  • vanskelig å tømme urinblæren
  • blod i urinen
  • smerter i rygg og skjelett

Svak stråle og hyppig vannlating kan også være på grunn av godartet forstørret prostata (benign prostatahyperplasi), men legeundersøkelse er nødvendig for å konstatere dette. Etter hvert som svulsten vokser kan prostatakjertelen klemme på urinrøret, og dermed kan det oppstå vansker med å tømme urinblæren.

I noen tilfeller fører prostatakreft til at det kommer blod i urinen. Dette kan skyldes at kreftsvulsten har vokst inn i blærehalsen eller urinrøret.

Smerter i nedre del av ryggen er i mange tilfeller det første symptomet som merkes. Ryggsmertene kan ligne på lumbago, som er en samlebetegnelse på uspesifikke ryggsmerter og inkluderer mange tilstander som har til felles at de gir smerter i korsryggen.

I noen tilfeller kan spredning til skjelettet gi skader på ryggsøylen og tap av førlighet, som igjen kan gi problemer med å kontrollere vannlating og avføring. Hvis du har eller tidligere har hatt prostatakreft og opplever noen av disse plagene skal du kontakte legen din.

Symptomene kan være tegn på andre tilstander og ikke nødvendigvis kreft. Kreftforeningens råd er at dersom symptomene varer i over tre uker, bør du ta kontakt med en lege.

Les meir om Prostatakreft (helsenorge.no)

1. Før

Dersom du bruker blodfortynnande tablettar må du ta kontakt med fastlegen din for å høyre om når du skal slutte med desse, og om du evt. må ta blodfortynnande sprøyter i staden. Det kan vere nødvendig å ta ei blodprøve undersøkingsdagen for å måle INR-verdien før undersøkinga. Albyl-E kan du fortsette med.

2. Under

Innsetting av gullmarkørar blir utført ved hjelp av ultralyd og ei tynn nål. Nåla blir ført via endetarmen og inn i prostatakjertelen, der gullkorna blir plassert. Dette blir gjort i lokalbedøving og gir lite smerter.

3. Etter

Etter at gullmarkørane er på plass kan du reise heim.

På kvelden undersøkingsdagen, og morgonen etter, skal du ta antibiotikatablettar.

Blod i urin, avføring eller sædvæske er vanleg etter vevsprøvetakinga og vil forsvinne etter nokre veker.

Ver merksam

Ved smerter eller feber må du kontakte lege umiddelbart.

Kontakt

Kirurgisk og ortopedisk poliklinikk Kristiansund

Telefon
71 12 19 95
måndag09.00 - 11.00, 12.00 - 14.30
tysdag09.00 - 11.00, 12.00 - 14.30
onsdag09.00 - 11.00, 12.00 - 14.30
torsdag09.00 - 11.00, 12.00 - 14.30
fredag09.00 - 11.00, 12.00 - 14.30
laurdagStengt
sundagStengt
Postadresse
Kirurgisk poliklinikk
Kristiansund sykehus
Herman Døhlens vei 1
6508 KRISTIANSUND

Kristiansund sjukehus

Besøksadresse
Herman Døhlens vei 1(Google maps)
6508 Kristiansund
Telefon
71 12 00 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Presetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Presetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Kristiansund

Spisestader

​Kantina i 2. etasje er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 14.30
  • Helg og høgtid: stengt  

I tillegg kan du finne kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.