HELSENORGE
Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund

Irritabel tarm-syndrom (IBS) ved Ålesund sjukehus

Irritabel tarm er ein sjukdom som oftast kan greiast fullt ut hos fastlegen og særleg hos unge menneske under 45 år er det oftast ikkje nødvendig med undersøkingar hos spesialist. Viss fastlegen finn spesiell grunn til å sjå bort frå annan sjukdom som årsak til symptoma dine, kan han/ho velje å tilvise til utgreiing.

Innleiing

Irritabel tarm er ein folkesjukdom, og særleg er det mange unge som har ubehag knytt til ulike matslag og endra avføringsmønster. Irritabel tarm er i seg sjølv ikkje farleg, men kan vere svært plagsam i dagleglivet og setje grenser for livsutfaldinga.

Tilvising og vurdering

Irritabel tarm kan som hovudregel bli utgreidd og behandla hos fastlegen og oppfølging skal alltid skje hos fastlegen, som kjenner deg best. Ved uvisse om der ligg andre tarmsjukdommar føre, kan fastlegen velje å tilvise til spesielle undersøkingar hos spesialist, på sjukehus eller ved spesialistsenter. Ventetida for slik utgreiing kan vere lang, sidan ein sjeldan mistenkjer kreft eller annan svært alvorleg sjukdom.

Utgreiing

Utgreiing hos spesialist har som mål å sjå bort frå annan tarmsjukdom, som betennelse i tarmveggen «kolitt», eller  cøliaki. Viss vanleg behandling hos fastlegen ikkje hjelper tilstrekkeleg, kan han/ho også velje å tilvise for vurdering av behandlingstiltak hos spesialist.

Det vanlegaste er at fastlegen tilviser for gastroskopi med prøvetaking frå tynntarmen eller til koloskopi med prøvetaking frå tjukktarmen. Oversikt over undersøkingar som kan vere aktuelle under utgreiinga: 

Les meir om
Les meir om
Les meir om
Les meir om
  • Lactulose pusteprøve
  • Avføringsprøve til kalprotektin-undersøkelse og/eller elastase/lipase-undersøkelse

Behandling

Ved sjukehuset gjer vi målretta utgreiing og det er først og fremst gastroskopi og kolonoskopi som blir gjort som rutine. Vi tek ofte blodprøver og avføringsprøver. Nokre gonger blir det også gjort røntgenundersøkingar eller magnet-resonans-tomografi (MR).  

Vanlegvis sender sjukehuset rapport til fastlegen din, der resultatet av undersøkingane og vurderingar blir gitt.

Oppfølging

Den vidare oppfølginga skal deretter skje hos fastlegen, fordi dette er vanlege og ofte langvarige helseplager som best blir tekne hand om av den legen som kjenner deg best.

Viss fleire undersøkingar er gjorde ved sjukehuset, vil vi nokre gonger kalle inn til ein avsluttande samtale om diagnosen og gi deg råd om vidare behandling.

Helsepersonell

Sjekkliste for utskriving - fastlege eller anna helsetjenste overtek som primærkontakt

fastlege eller anna helsetjenste overtek som primærkontakt

Faresignal

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Spisestader

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Fann du det du leita etter?