HELSENORGE
Ortopedisk sengepost Ålesund

Kneproteseoperasjon ved Ålesund sjukehus

Ein kneproteseoperasjon kan vere aktuelt ved slitasjegikt (artrose) i kneet, brotskadar, medfødde skadar eller andre forandringar i kneet. Det øydelagde og ofte smertefulle leddet blir skifta ut med ein protese.

Ventetider

Innleiing

 


Kneprotesar finst som delprotesar (unikondylære proteser) og totalprotesar. Ved totalprotesar blir heile enden av lårbeinet (femur) og leggbeinet (tibia) bytt ut. Ved delprotesar er det berre innsida (medialt) eller kun utsida (lateralt) eller kun leddet mellom kneskåla og lårbeidet som blir erstatta av ein protese.

Ortopeden tar stilling til kva type protese som eignar seg best for deg.

Tilvising og vurdering

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Før

Last gjerne ned appen "Patient Journey" for å førebu deg til operasjon.

Før operasjonen skal du gjennom nokre førebuingar for å redusere risikoen for komplikasjonar.

Vaske kroppen med Hibiscrub

Du skal vaske deg med Hibiscrub på operasjonsdagen. Hibiscrub er bakteriedrepande og reduserer risikoen for infeksjon.  Du treng ikkje vaske håret med Hibiscrub, men ver nøye med kroppsvask. Etter dusjing skal du ikkje bruke parfyme, kremar, sminke, smykke, piercingar eller neglelakk, og du skal ha på deg reine klede. Dersom du skal møte på sjukehuset på operasjonsdagen, skal du ta vasken med Hibiscrub heime.

Faste og medisinar

På operasjonsdagen skal du møte fastande, det vil seie ikkje ete, drikke, røyke, snuse eller ta pastillar/drops. Du må berre ta eventuelle medisinar som anestesilegen på førehand har sagt er sikre å bruke.

 


Under

Ved kneoperasjonar set vi i dei aller fleste tilfelle bedøvinga i ryggen. Dette er ei såkalla spinalbedøving der du er vaken. Av og til vel ein narkose i samråd med anestesilegen, og du vil då sove under inngrepet.

En anestesisjukepleiar sit ved sida av deg under heile operasjonen. Han eller ho er din kontaktperson og passar på at du har det bra. Du skal ikkje kjenne smerte.  Derimot vil du merke litt risting i kroppen mens ortopeden skiftar leddet. Du vil også kunne høyre hamring, saging og boring.

Dersom du ønsker det, kan du høyre på musikk under operasjonen. Du har anledning til å ta med dette sjølv eller låne hos oss.

Operasjonstid for kneprotesar varierer noko, men ligg vanlegvis på cirka 90 minutt.

  


Etter

Nokre reiser heim same dag som dei blir operert. Det vanligaste er å reise dagen etterpå, men nokre kan ha behov for å vere innlagt lengre.

Start opptreninga

Begynn med sirkulasjonsøvingar i senga så fort du kan bevege beina. Det viktigaste tiltaket for å førebygge blodpropp og få att funksjonen, er å kome seg opp på beina så hurtig som mogleg. Du vil tidleg bli hjelpt opp av senga for å stå og bevege deg litt.

Den viktigaste opptreninga etter proteseoperasjon er å kome i gong med dagleglivets aktivitetar. Eigentrening i form av bevegelse, styrke, balanse og koordinasjon er viktig for resultatet av operasjonen. Du skal følge eigentreningsprogrammet du får av fysioterapeut på sjukehuset. 

Du har rett på fysikalsk behandling i inntil 6 månader etter operasjonen. Etter at du kjem heim skal du starte med trening veileda av fysioterapeut. Du må trene med fysioterapeut 2-3 ganger per veke i fleire månader etter operasjonen. Vi anbefalar at du tar kontakt med fysioterapeut og avtaler timer i god tid før operasjonen. 

Smerter

Den første tida oppstår det naturleg nok ein del smerter rundt det opererte kneet. Smertene blir lindra med medisinar, og desse skal du ta med jamne mellomrom og til avtalte tider. Du skal ikkje vente til du kjenner auka smerter før du tar smertestillande. Dette for å unngå såkalla smertetoppar. Erfaring viser at det tar lenger tid å få redusert smertene igjen når slike periodar oppstår. Har du mykje smerter til trass for at du tar dei medisinane du er bedt om, er det viktig at du seier i frå til personalet. Då kan du få andre medisinar i tillegg.

  


Ver merksam


Kontakt avdelinga dersom du får nokre av disse plagene:

  • Tung pust
  • Bløding i såret
  • Væske fra såret
  • Aukande hevelse, raude eller smerte frå såret
  • Aukande hevelse i eit eller begge bein
  • Sjukdomskjensle/nedsett allmenntilstand
  • Svimmelheit eller svime
  • ​ Feber

Blir du akutt sjuk, ring 113.



Kontaktinformasjon

Informasjon om timeavtale og besøk

Har du fått innkalling til time, er blodgivar eller skal besøke nokon på sjukehuset? 

Sjå våre smitteverntiltak og gjeldande rutinar

Kart og parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

Flyfoto med markerte parkeringsområde 

Slik blir parkeringa når ombygginga av ny hovudinngang startar 

Planlagt oppstart i oktober.


Raude felt som er kryssa over er tidlegare parkering for besøkande. Nye parkeringsområde er tilgjengeleg for besøkande, slik at det ikkje blir færre plassar i ombyggingsperioden.  

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid

​​Besøkstida er kl. 17.00-19.00 alle dagar. ​

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Måltid

Frukost kl 08:00 - 09:00

Lunsj kl 12:00 - 13:00

Middag kl 15:30 - 16:30

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Spisestader

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Relaterte nyheiter

Fann du det du leita etter?