Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Kognitiv adferdsterapi ved langvarig smerte

I psykologisk behandling ved langvarige smerter lærer du strategiar for å påverke i kva grad smertene plager deg mentalt og avgrensar kvardagen. Det inneber også strategiar for å styrke meistring i kverdagen.
Smerte er eit av kroppens livsviktige varsel. Smerta sin funksjon er å tiltrekkje seg vår merksemd slik at me kan beskytte oss og unngå farar. 

Den internasjonale foreininga for smerteforsking (IASP) definerer smerte som ein ubehageleg sanseleg og kjenslemessig oppleving knytta til faktisk eller mogeleg kroppsleg skade. Smerte kan ikkje verte påvist i kroppen, fordi smerte er ei kjensle og oppleving du har. Smerte er det du opplever som vondt. Du kan oppleve smerte sjølv om ein ikkje finner noko gale i kroppen, til dømes sjølv om du ikkje har aktive betennelsar eller skadar.

Smerte vert delt inn i ulike typar, og ein kan ha fleire typar smerte samtidig. Smerte kan til dømes være knytta til betennelse, som ved inflammatorisk sjukdom, eller til strukturelle endringar, for eksempel slitasje i ledd som ved artrose. Smerte kan også ha samanheng med endringar i sentralnervesystemet, slik det er ved fibromyalgi.

Langvarig smerte er definert som smerter som varar utover tre månadar. Den har ingen beskyttande varslingsfunksjon slik akutt smerte har. Langvarig smerte kan føre til arbeidsfråvær, søvnproblem, utmatting, samlivsproblem og vanskar i seksuallivet, og er knytta til svekt funksjon og livskvalitet. 

Vår oppleving av smerte er påverka av kroppslege forhold (biologi), psykologiske faktorar (kjensler, tankar og handlingar) og sosiale faktorar (stressbelastingar og støtte). Det tyder at smerte kan verte forsterka og halde ved lag av psykologiske og sosiale forhold.

Stressbelastingar, økonomiske bekymringar, søvnproblem, utmatting og einsemd kan gjere vondt verre. Nokon får psykiske plagar som angst og depresjon i kjølvatnet av smertene, fordi dei ikkje får leve det livet dei ønskjer. 

Det kan være vanskeleg å vite korleis ein skal forholde seg til langvarig smerte. Å unngå aktivitet kan bidra til passivitet og for lite bruk av kroppen, noko som igjen kan gjeve endå meir smerte. På den andre sida kan for mykje aktivitet og for lite omsyn til smertene føre til overbelasting og meir smerte.

Tilvising og vurdering

For å få eit behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta trenger du ei tilvising. Det er som oftast fastlegen som tilviser til utgreiing og behandling, men anna helsepersonell kan også tilvise. Med utgangspunkt i tilvisinga og prioriteringsrettleiar vil me vurdere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta. 

PERSONALIA PASIENT
  

  • Namn, Personnummer
  • Adresse
  • Telefonnummer

KONTAKTOPPLYSNINGAR TILVISER
  

  •  Fastlege, legesenter
  • Adresse, telefonnummer (gjerne direkte nr.)


1. Tilvisingsårsak    

  • Kva er ønske av oss, kva utgreiing
  • Kva poliklinikk vert pasienten tilvist til?

2. Kva utgreiing / behandling er gjort, og kva for effekt hadde behandlinga?
  

  • Tidlegare diagnoser? Noverande diagnostikk?
  • Er pasienten utgreiia av andre (fysioterapeut, psykolog, psykisk helsevern) skal epikrise leggjast ved.
  • Noværeande behandlingstilbod?
  • Har pasienten krav på, og er det starta arbeid med individuell plan? (vedlegg)

3. Beskriving av pasient, sjukdomshistorie, tilstand og dagleg funksjonsnivå.    

  • Vekt, høgd, (BMI)
  • Kva symptom har pasienten, varigheit og utløysande årsakar?
  • Nyttast det medikament? Kva for medikament, og kva dose?
  • Bruk av rusmiddel (alkohol, medisinar, narkotiske stoff)?
  • Er det gjort ei vurdering av blodprøvar, er prøvane innanfor referanseområdet?

4. Korleis er pasientens status i arbeid?     

  • Kort om utdanning og tidlegare erfaring frå arbeid.
  • Har pasienten jobb, i så fall kva jobb og kor stor stilling?
  • Mottar pasienten inntektssikring via NAV pga helseplagar, i så fall kva og prosentandel (sjukepengar, arbeidsavklaringspengar eller uførepensjon)?
  • Korleis er pasientens eigen motivasjon i forhald til å komme tilbake i/ auke arbeidskapasitet?

5. Korleis er pasientens hjemme-, familie-, og andre sosiale forhold?    

  • Barn, sambuar/ ektefelle?
  • Kven bur pasienten saman med?
  • Har pasienten noken pågåande belastningat som kan vere relatert til anna enn det aktuelle?

6. Dersom pasient er fremmedspråklig må det i tillegg opplysast:    

  • Nasjonalitet
  • Språk
  • Kjønn
  • Behov for tolk



  

Før

For å kunne gje eit godt behandlingstilbod er det viktig å gjere ein utgreiing av dei problem og plager du søkjer hjelp for. Utgreiinga skjer i form av samtale og bruk av ulike kartleggingsverktøy. Dine tankar og meiningar om kva tiltak som passar best for det, skal leggast stor vekt på. Behandlaren din skal lytte til det du har å seie, og dine oppfatningar skal bli tatt på alvor. 

Behandling av langvarig smerte er basert på ein tverrfagleg utgreiing av smertene dine, det vil seie at fleire fagpersonar for eksempel lege, fysioterapeut, sjukepleiar eller psykolog gjer ei vurdering.

Utgreiinga skal gje ei beskriving av smertene dine, kva slags smerter det er og kva smertemekanismar og oppretthaldande faktorar som er inne i biletet. Det skal også gje deg og din behandlar eit felles utgangspunkt for vidare samarbeid og plan for behandling.

Sentrale område i utgreiinga

  • Smertenes lokalisasjon, karakter, intensitet, og varigheit
  • Fysiske helseproblem 
  • Grad av fysisk aktivitet
  • Begrensingar som smertene gjer for ulike bevegelsar, aktivitetar og gjeremål i kvardagen
  • Søvnproblem og vedvarende utmatting
  • Kjenslemessige problem og plager med angst og depresjon
  • Tankar om smertene og om årsaka til dei
  • Noværande livssituasjon, familie, studiar og arbeid
  • Tidlegare stressbelastingar
  • Tidlegare utgreiing og behandling
  • Bruk av medikament
  • Bruk av rusmiddel
  • Personlege ressursar og moglegheit for støtte frå andre
  • Om du har barn og om dei har spesielle behov no som bør takast vare på


Under

Behandling bygga på ei tverrfagleg forståing av langvarige smerter har vist seg å ha god effekt. Behandlinga kan redusere smerteopplevinga, styrke trua på eigen meistring og redusere psykiske plagar. Målet er både å få auka funksjon og betre livskvalitet i kvardagen. Behandlinga vert skreddarsydd til kvar enkelt, men ofte inngår ulike formar for fysisk trening og avspenning, samt tiltak for å redusere stressbelastingar. 

Gjennom metodar frå kognitiv åtferdsterapi lærer du meistingstrategiar for å påverke i kva grad smertene plager deg mentalt, avgrensar kvardagen og kor stor plass dei tar i livet ditt. Det inneber også kloke handlingsstrategiar for å styrke meistring i kvardagen, for eksempel ulike jobbretta tiltak.

Ein god relasjon til behandlaren din er viktig for å få eit godt utbytte. Du skal få informasjon om langvarige smertar og om kva som påverkar smerteoppleving, og korleis behandlinga er tenkt å hjelpe. Du skal føle deg godt informert og involvert i heile behandlingsforløpet. Dine pårørande kan gjerne involverast, for å få informasjon og for å være ein ressurs i behandlinga.


Etter

Etter at du har avslutta behandlinga hjå oss i spesialisthelsetenesta kan du ha utbytte av oppfølging frå fastlegen din og anna helsepersonell i primærhelsetenesta. Oppfølginga varierer ut frå ditt behov og kva behandlingstilbod som finst i din kommune.

Kontakt

Ålesund sjukehus Smertepoliklinikk Ålesund

Kontakt Smertepoliklinikk Ålesund

Oppmøtestad

Vi held til i høgblokka, 1. etasje. Til høgre for resepsjonen i hovudvestibylen ved inngang sør.

Adresse

Åpningstider
  • I dag 08:00 - 15:30
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

Endra parkeringsområde og stengd inngang nord (poliklinikkinngangen) 

20. november 2023 stengde vi Inngang nord (poliklinikkinngangen) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. Under får du oversikt over dei nye parkeringsområda og korleis du lettast kjem til hovudinngangen.  

Kart
Stengd inngang er markert med raudt kryss. 

Markerte område på bildet

  • Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
  • Gul markering: HC-parkering
  • Raud markering: Parkering for blodgivarar
  • Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
  1. Hovudinngang
    Merk av- og påstiging "kyss og køyr sone" utanfor barne- og ungdomsavdelinga
  2. Administrasjonsbygget
  3. Akuttmottaket
  4. Alderspsykiatrisk døgn
  5. Alderspsykiatrisk poliklinikk
  6. Apotek
  7. Audiopedagogen
  8. Barne- og ungdomsavdelinga
  9. BUP
  10. Dagkirurgi Aust
  11. Habiliteringsbygget
  12. Kreftavdelinga
  13. Psykisk helsevern døgn
  14. Psykisk helsevern poliklinikk
  15. UPA
  16. Åse hotell
  17. Åsebøen 1
  18. Åsebøen 5

Besøkande ved habiliteringsbygget, pårørande til barn ved audiopedagogen og barne- og ungdomsavdelinga kan få spesialbevis ved å ta kontakt med avdelingane.  

 

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.