Kognitiv terapi er ein behandlingsmetode der terapeuten har fokus på å jobbe med tankane til deg som pasient, derav ordet kognisjon som betyr tenking. Identifisering av negative automatiske tankar knytt til konkrete situasjonar er sentralt, og terapeuten prøver å få deg til å sjå samanhengen mellom tankar, følelser og handling. Det å forstå korleis ein tenkjer omkring og førestille seg ei hending blir viktig, og korleis den negative tenkinga kan løyse ut vonde følelsar som igjen kan påverke handling på ein negativ måte.
Å oppleve ein situasjon der noko ikkje gjekk bra blir hos mange forklart med tanken om at "eg er dum". Det blir også kalla negativ sjølvattribusjon, og ein vil prøve å finne alternative tankar som kan erstatte den negative, eller se på korleis du forhaldar deg til tankane. Det handlar i bunn og grunn om å få hjelp til å finne alternative måtar å tenkje, føle og handle på, ettersom ein saman ser nærare på det logiske grunnlaget for at du tenkjer slik han/ho gjer.
Det er ulike kognitive metodar som høyrer til denne tilnærminga; kognitiv atferdsterapi, metakognitiv terapi og ACT (accept and commitment therapy).
Kognitiv åtferdsterapi
Kognitiv åtferdsterapi er ofte kalla berre kognitiv terapi. I kognitiv åtferdsterapi legg terapeuten også vekt på å hjelpe pasienten til å finne ein god balanse mellom naudsynte gjeremål og aktivitetar som kan gi ei auka oppleving av mestring og tilfredsstilling. Det blir lagt vekt på å jobbe med risiko for tilbakefall. I kognitiv terapi jobbar ein med å førebu pasienten til å nytte seg av metodane og verkty ein har jobba med i terapien, som hjelp til sjølvhjelp etter at behandlinga er ferdig.
Metakognitiv terapi
Det er dei seinare åra kome til nyare kognitive tilnærmingar, som metakognitiv terapi, der fokuset ikkje først og fremst går på å endre innhaldet i tankane, men å sjå på korleis pasienten tek stilling til tankane og korleis han/ho tenkjer om tankane (derav metakognitiv). Denne terapien skal vere noko mindre konfronterande enn tradisjonell kognitiv terapi som stiller spørsmål om innhaldet i tankane og kva som er irrasjonelt. I staden for eit fokus på å endre tankeinnhaldet, er målet å avgrense tida pasienten bruker til grubling/ruminering over bekymringstankar.
Det sentrale er å øve opp til ei metakognitiv haldning, og at pasienten blir sin eigen tenking bevisst og ta omsyn til den. Det er sentralt korleis ein tenkjer om, og ser på, sine indre så vel som sine ytre opplevingar. Til dømes så er deprimerte ofte meir bekymra og grubler meir enn ein som ikkje er deprimert. Ein lærer seg å utsetje grubling og la dei negative tankane kome, men utan å la dei ta for stor plass.
Aksept- og forpliktingsterapi (ACT)
Aksept- og forpliktingsterapi (ACT) er ei anna nyare retning i kognitiv terapi som mellom anna i mykje større grad vektlegg mindfulness. Tanke- og følelsesmessig smerte blir sett på som ein uunngåeleg del av livet og som oftast normale psykologiske reaksjonar på det som skjer i livet. Alle forsøk på å kontrollere eller unngå smertefulle opplevingar, tanker eller følelser fører berre til enda mer smerte.
ACT dreier seg ikkje om å motarbeide skremmande, sinte, angstfylte eller triste tankar, eller dei følelsane som blir sett gong. Når ein gir slipp på tanke og følelseskontrollen kan ein oppnå psykologisk fleksibilitet, der ein kan eksistere akkurat no. Aksept handlar om å kunne leve med. Å leve med opnar for å kunne leve eit meir meningsfullt liv, styrt av sine indre verdiar.
I den kliniske kvardagen er det vanleg å nytte element frå ulike former for kognitiv terapi, og det er dessutan stadig meir lagt vekt på å jobbe med emosjonsfokuserte intervensjonar innan denne tilnærminga.