Tid og stad
Når
- 05. sep. 2024
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Kvifor delta på kurs
Opplæring for foreldre/ føresette til barn og ungdom med ADHD som ønskjer kunnskap om og forståing for utfordringar til barnet i samband med diagnosen. Dagane vil veksle mellom informasjon og forelesing fra fagpersonar, og samtale i gruppa om korleis ein kan meistre kvardagen.Fagpersonar kan også delta.
Vi oppfordrer begge foreldre til å delta på opplæringa. Om de ikkje får delta no, går dette kurstilbodet kontinuerlig.
Innhald
- Brukarhistorier
- Informasjon om ADHD-foreininga
- Om diagnose og diagnosekriteriar
- Medikamentell behandling
- Samtale og refleksjonar kring ADHD
- Rettar og moglegheiter
- Foreldrerettleiing
- Tilrettelegging, tiltak, tilpassing og hjelpemiddel i barnehage, grunnskule og vidaregåande
- Samarbeid heim - skole
- Å vere open om diagnose
Det vil bli moglegheiter for spørsmål, refleksjonar, oppgåver og pausar undervegs i programmet. Med atterhald om endringar.
Praktiske opplysningar
Foreldre/føresette og skulen må sjølve melde seg på opplæringa på telefon til BUP Ålesund.
Oppgi namnet på barnet, fødselsdato, epostadresse, telefon, adresse og skule.
Dersom du ikkje kan møte på opplæringa må du avbestille snarast og seinast 24 timer før på telefon 70 16 72 00. Dersom du ikkje avbestiller blir du belasta med eit gebyr
Kurstilbodet er digitalt og går over ein dag, de vil få kurslenke og info tilsendt per e-post.
Rettar, eigenandel og opplæringspengar
Ingen eigenandel.
Det kan søkjast om opplæringspengar for deg som er yrkesaktiv og som har omsorg for eit langvarig sjukt eller funksjonshemma barn, dersom opplæringa er naudsynt for å kunne følgje opp barnet.
Opplæringspengar blir rekna på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråvær frå arbeid for å vere med på opplæringa.
Nærare informasjon vil bli gitt i starten av kurset og du finn også informasjon her
Lenke til informasjon om opplæringspengar og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Kontakt
Magny Barmen
70 16 72 00BUP Ålesund
70 16 72 00