Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

ADHD - ungdom - Kristiansund

Kurs for ungdom med ADHD som ønsker kunnskap og forståing om seg sjølv og si diagnose.

Passert
3.
november
2023
3 dagar
  1. 03. nov. 2023
  2. 10. nov. 2023
  3. 17. nov. 2023

Tid og stad

Når

  1. 03. nov. 2023
  2. 10. nov. 2023
  3. 17. nov. 2023

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

BUP Kristiansund

Ønsker du å delta på opplæringa ta kontakt med fastlege for tilvising til kurset. Tilvising sendast til BUP Kristiansund. Merkes med kursets navn: «Opplæring for ungdom med ADHD»

Er du til behandling i spesialisthelsetjenesta (behandlingsforløp ved BUP) treng du ikkje tilvising frå fastlege. Du eller dine foreldre må sjølv ta kontakt med BUP sin ekspedisjon på telefonnummer 712 17 550 for å bekrefte deltaking.


KVIFOR DELTA 

Med kurset ønsker vi at du som ungdom skal få auka kunnskap om ADHD er. Vi ønsker å skape auka forståing og meistring både i heimen og i skulekvardagen. 

INNHALD

Kurset tek utgangpunkt i det psykoedukative programmet Kort og godt om ADHD som er utviklet av Bente Knutsen, tilrettelagt for grupper av Ellen Brattøy. Tema kan vere (med atterhald om endringar):

  • Bli kjent med kvarandre 
  • Kva er ADHD og kva betyr det for meg
  • ADHD og tilleggsvanskar
  • Behandling, tilrettelegging og mestring i kvardagen 
  • ADHD og eksekutive vanskar
  • ADHD, vegen vidare og utdanning
  • Diskusjonar rundt kva vi har lært/kva var nyttig

PRAKTISKE OPPLYSNINGAR

Oppmøte ved BUP i Kristiansund i Sykehusgata 2, 3. etg. Kurset/gruppeopplæringa går over tre fredagar mellom kl. 12.15 - 14.45 alle dagane.

Du eller dine foreldre må sjølv ta kontakt med BUP sin ekspedisjon på telefonnummer 71217550 for å bekrefte deltaking.

Dersom du ikkje kan møte på opplæringa må du avbestille snarest og senest 24 timer før på telefon 71217550. Dersom du ikke avbestiller blir du belastet med et gebyr som for tiden er på kr 385,-.

RETTAR OG EIGENANDEL

Deltaking på kurset er gyldig fråvær frå skule og arbeid (om du td. er lærling) då dette er ein del av behandling du mottek i spesialisthelsetenesten. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Ingen eigenandel, kurset er gratis. 

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

NYTTIGE NETTSIDER

Støtteordninger for familier i barne- og ungdomspsykiatrien - St. Olavs hospital (stolav.no)

ADHD Norge

Kontakt

Relevante behandlingar