På grunn av Covid19 må vi ha mindre grupper og vi vil dele dei påmeldte inn i to grupper der dei blir satt opp på dei ulike datoane.
Kven er opplæringa for
Foreldre/føresette som ynskjer kunnskap om ADHD og forståing for utfordringar i forhald til barnets diagnose.
Dagane vil veksle mellom informasjon og samtale i gruppa om korleis ein kan meistre kvardagen.
Vi oppmodar begge foreldre til å delta på opplæringa.
Informasjon om opplæringspengar
Det kan søkjast om opplæringspengar for deg som er yrkesaktiv og som har omsorg for et longvarig sjukt eller funksjonshemma barn. Opplæringspengar bereknast på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråvær frå arbeid for å vere med under opplæringa.
For nærare informasjon ber vi de sjå på nav sine heimesider.
Innhald
Kurset vil omhandle fylgjande aktuelle tema:
• Om diagnose og diagnosekriteriar
• Medikamentell behandling
• Syskjen til born med ADHD
• Informasjon frå ADHD Norge
• PMTO - foreldrerettleiing
Detaljert program vert utdelt på kurset.
Påmelding
Pasient/pårørande må sjølv melde seg på opplæringa:
Bindande påmelding.
Ta kontakt på tlf. 70 05 85 70, oppgi namn på barnet, fødselsdato, diagnose, foreldre/føresette, adresse og telefonnr eller send påmelding til:
Helse Møre og Romsdal HF, Psykisk helsevern for barn og unge, Poliklinikken i Volda (BUP). Postboks 113,6101 Volda
Om du likevel ikkje kan møte på opplæringa må du ta kontakt med poliklinikken snarast og seinast innan 24 timar før på telefon.
Dersom du ikkje avbestiller vert du belasta med eit gebyr som for tida er på kr 345.
Det kostar kr. 150 per person pr. dag for enkel matservering og kursmateriell. Faktura vert tilsendt etter kurset er avslutta.
Informasjon
For nærare informasjon, ta kontakt med ekspedisjon ved BUP Volda på tlf. 70 05 85 70, eller be om å få snakke med den som er kursansvarleg. Poliklinikken har telefontid måndag-fredag frå kl. 08.00-14.30.