Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Atrieflimmer - Kristiansund

Kurs for deg som har atrieflimmer. Pårørande er også velkomne til å delta.

Tid og stad

Når

Årleg kurstilbod

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret og seksjon for kliniske støttefunksjoner

Kvar

Kristiansund sjukehus
Auditoriet

Kontakt fastlege eller behandlar for tilvising til kurset. Tilvising skal sendast elektronisk til medisinsk poliklinikk, Kristiansund sjukehus.

Oppgi om pårørande skal delta, pårørande treng ikkje eiga tilvising.

KVIFOR DELTA PÅ KURS

Med kurset ynskjer vi at du og dine pårørande skal få økt kunnskap om atrieflimmer, skape tryggleik, forståelse og mestring i det å leve med atrieflimmer.

Vi ynskjer også at du skal få møte andre med same diagnose og utveksle erfaringar.

Vi oppmodar pårørande til å delta på opplæringa.

INNHALD

  • Om atrieflimmer og medisinar
  • Å leve med atrieflimmer. Kva er viktig for deg?
  • Trening og atrieflimmer
  • Psykiske reaksjonar ved atrieflimmer
  • Kosthald og helse
  • Brukarrepresentant

PRAKTISKE OPPLYSNINGAR

Kontakt medisinsk poliklinikk for påmelding.

Bevertning: kr 150,- Faktura sendast i etterkant av kurset.
Parkering må den enkelte ordne med sjølv.

RETTAR OG EIGENANDEL

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset. 

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

NYTTIGE NETTSIDER

Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL)


Kontakt