Tid og stad
Kvar
Ålesund sjukehusKvifor delta på kurs
Med kurset ynskjer vi at foreldre/foresatte skal få økt kunnskap om kva autisme og asperger syndrom er og korleis ein kan møte barn og unge med autisme og asperger syndrom både i heimen og kvardagen. Det same gjeld at skule- og barnehageansatte skal få auka kunnskap. Vi ønsker å skape auka forståing og meistring i rolla som forelder/føresett og fagperson.
Vi oppmodar begge foreldre til å delta på opplæringa.
Innhald
- Kva er autismespektervanskar? Kva veit vi om årsak? Tilleggsvansker? Familieperspektivet? Om å være open om diagnose? Medisinering?
- Innlegg ved brukarrepresentant
- Autismeforeninga, Møre og Romsdal fylkeslag
- Skule, familie, søsken
- Tilrettelegging i skule/ barnehage
- Å være åpen om utfordring/diagnose
- Tilrettelegging og meistring i kvardagen
- Samarbeid heim-skole
- Rettar og moglegheiter
Med atterhald om endringar i programmet.
Praktiske opplysningar
Foreldre/føresette og fagpersonar frå skule/barnehage må sjølve melde seg på opplæringa på telefon til BUP Ålesund: 70 16 72 00.
Oppgi namnet på barnet, fødselsdato, epostadresse, telefon, adresse og skule.
Dersom du ikkje kan møte på opplæringa må du avbestille snarast og seinast 24 timer før på telefon 70 16 72 00. Dersom du ikkje avbestiller blir du belasta med eit gebyr.
Kurstilbodet er digitalt, de vil få kurslenke og info tilsendt per e-post.
Vi oppmodar foreldre og skulepersonell/ barnehagepersonell til å sitte samla i same lokale.
Rettar, eigenandel og opplæringspengar
Ingen eigenandel.
Det kan søkjast om opplæringspengar for deg som er yrkesaktiv og som har omsorg for et longvarig sjukt eller funksjonshemma barn. Opplæringspengar bereknast på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråvær frå arbeid for å vere med under opplæringa.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Støtteordninger for familier i barne- og ungdomspsykiatrien - St. Olavs hospital (stolav.no)
Autismeforeningen Norge, Møre og Romsdal fylkeslag
Kontakt
Magny Barmen
70167200