Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Autisme / Asperger syndrom - barn - Kristiansund

Kurs for barn mellom 3. til 7. klasse.

Tid og stad

Når

Årlege kurstilbod. Ta kontakt med avdelinga for neste kurs.

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Ønsker du/dykk å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlegen din for tilvising.

Er familien i behandling i spesialisthelsetenesta ved klinikk for kvinner, barn og ungdom treng de ikkje ny tilvisning

Kvifor delta

Med kurset ønsker vi at barna skal få auka kunnskap om kva autisme/asperger er. Vi ønsker å skape auka forståing og meistring både i heimen og i skolekvardagen. 

Innhald

  • Bli kjent med kvarandre
  • Korleis er vi like og alle er forskjellige?
  • Personligheita og kjenslene mine
  • Kva ein liker å gjere/er god på
  • Funksjonshemming
  • Kva er Asperger syndrom/autisme?
  • Kva er eg god på og kva treng eg tolk/støtte til.
  • Korleis hjernen til dei med Asperger/autisme er annleis frå andre, og kva som er bra med det og kva kan vere vanskeleg?
  • I tillegg kan du ta opp temaer du ønsker

Praktiske opplysningar

Gjennomføres  6 ganger, 2 ganger pr. uke.

Det blir enkel servering.

Dersom du ikkje kan møte til time ber vi deg kontakte avdelinga snarast. Dersom du ikkje møter uten å ha gitt beskjed innan 24 timer, kan du bli belasta med eit ikkje møtt gebyr. 

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Ingen eigenandel 

Lenke til utfyllande informasjon om rettar finn du her

Nyttige nettsider

Støtteordninger for familier i barne- og ungdomspsykiatrien - St. Olavs hospital (stolav.no)

Autismeforeningen i Norge, Møre og Romsdal fylkeslag

Kontakt

Relevante behandlingar