Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Autisme/Asperger syndrom - for ungdom - Ålesund

Tilbod for ungdom frå 13-18 år (frå 8. trinn) med autismespektervansker/ Asperger syndrom som ynskjer kunnskap om og forståing i høve seg sjølv og diagnose.

Tid og stad

Når

Årleg kurstilbod

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Ynskjer du å delta på opplæringen ta kontakt med din fastlege for tilvising til kurset. Tilvisninga sendast til same adresse som til påmeldinga.

Er du til behandling i spesialisthelsetjenesten ved Klinikk for psykisk helse og rus, trengs det ikke ny tilvising, sjå meir under påmelding.

Etter at du har meldt di interesse for kurset vil vi ha ei samtale med deg og du får innkalling til ein før-samtale. Dette for å høyre om din motivasjon for å delta på opplæringa og for å kunne sette saman ei gruppe som fungerar best mogeleg. Etter dette vil det bli avgjort om du får plass.

KVIFOR DELTA PÅ KURS

Med kurset ønsker vi at du skal få auka kunnskap om kva autismespektervanskar og asperger syndrom er. Vi ønsker å skape auka forståing og meistring i det å leve med autisme/asperger syndrom.

INNHALD

Tema på webinar:

  • Kva er Asperger syndrom/ Autismespekter?
  • Kva kan ein med Asperger vere god til?
  • Kjerneutfordringar
  • Årsak
  • Forekomst
  • Utfordringar

Tema på workshop (fysiske gruppesamlingar):

  • Kursreglar
  • Ei ung kvinne med Asperger syndrom snakkar om si oppleving
  • Stress - kva er dette? Kva skapar og reduserer stress?
  • Skildre dine styrkar og utfordringar
  • Det sosiale livet - vener og fritidsaktivitetar
  • Overgangar i livet - utdanning, kjærestar ol.

Vi avsluttar med lett servering etter kvar workshop.
Med atterhald om avlysing og endringar i programmet.

PRAKTISKE OPPLYSNINGAR

Den første samlinga er eit digitalt webinar. Deretter har kurset to fysiske samlingar i grupper ved BUP Ålesund. 

Vi ynskjer at både søsken (frå 12 år) kan få høve til å delta ein av dagane og besteforeldre kan få høve til å delta gongen etter, dette får ein nærare beskjed om. Vi ber om tilbakemelding om antal søsken/besteforeldre innan ein gitt frist.

PÅMELDING

Du må først henvisast frå fastlege, dersom du ikkje allereie er under behandling i spesielisthelsetenesten. Pasienten/foresatte må sjølv melde seg på opplæringen per telefon: 70 16 72 00, eller skriftleg: Ålesund sjukehus, BUP, Geilebergvegen 20, 6026 Ålesund.

Oppgi namn på ungdomen, fødselsdato, diagnose, foresatte, adresse, telefon og e-postadresse.

Husk å merke påmeldinga med navn på kurset "Ungdomsgruppe autismespekter"

RETTAR OG EIGENANDEL

Pasientar har rett til fri frå skule for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Kostnader for kursmateriell og mat er kr 200. Faktura blir tilsendt.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Dersom du ikkje kan møte på opplæringa må du avbestille snarast og seinast 24 timer før på telefon. Dersom du ikkje avbestiller blir du belasta med et gebyr.

F
or nærare informasjon kontakt BUP Ålesund og spør etter kursansvarlig. 

NYTTIGE NETTSIDER

 

Kontakt

Relevante behandlingar