Kvifor delta på kurs
Med
kurset ynskjer vi at foreldre/foresatte og skole- og barnehageansatte skal
få auat kunnskap om kva autismespektersyndrom
er og korleis ein kan møte barn og unge med autismespektersyndrom både i heimen og i skole- og
barnehagekvardagen. Vi ynskjer å skape økt forståing og meistring i rolla som
forelder/føresett og fagperson.
Vi
oppmodar begge foreldre til å delta på opplæringa. Andre nærpersonar til bornet som besteforeldre eller andre slektninger/avlastningsfamilier/øvrig hjelpeapparat kan også delta på tilbodet.
Innhald
Generell informasjon om autisme
Kva kjenneteikner barn med autismespektervanskar?
Vanlige problemområder
Korleis kan vi forstå barnets vanskar?
Praktiske opplysningar
Påmelding:
Ta kontakt med Habilitering for barn og unge i Ålesund (HABU) for informasjon om påmelding. Kvart miljø rundt barnet sender felles påmelding med liste
over e-postadressar til deltakarane. Kurset er for pårørande/fagpersonar rundt barn/pasienter som er henvist og diagnostisert ved HABU.
Påmelding er bindende. Avmelding må skje så snart
som mogleg, og seinast 24 timer før kursstart.
Rettar og eigenandel
Fagdagen er gratis.
Det kan søkjast om opplæringspengar for deg som er
yrkesaktiv og som har omsorg for et longvarig sjukt eller funksjonshemma barn.
Opplæringspengar bereknast på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap
av arbeidsinntekt ved fråvær frå arbeid for å vere med under opplæringa.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre
rettar finn du her
Nyttige nettsider