Tid og stad
Når
- 05. nov. 2024
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Ålesund sjukehusKvifor delta på kurs
Kurset er særskilt eigna for personar som har fått diagnosa cøliaki siste året. Personar som har hatt diagnosa i fleire år, men framleis kjenner behov for auka kunnskap/opplæring, kan også delta. Pårørande vert også oppmoda til å delta.
Hovudmålet er at pasientar med cøliaki vert godt rusta til å meistre sin sjukdom på best mogleg måte. Det vert lagt vekt på kunnskap om og oppfylgjing av sjukdomen, glutenfri diett, meistring av tilstanden, samt praktisk informasjon/råd.
Innhald
På kurset vert det teke opp ulike tema:
- Sjukdomslære/diagnose/behandling
- Bakedemonstrasjon
- Pasientrettar
- Kosthald generelt og ved cøliaki
- Meistring knytta til det å leve med cøliaki
- Norsk cøliakiforening (NCF) - om foreninga sine mål og arbeidsmetodar
Med atterhald om endringar.
Ein sjukepleiar er til stades under heile kurset. Andre som held foredrag på kurset er blant anna gastroenterolog, ernæringsfysiolog, representasjon frå Norsk Cøliakiforening, fagpersonar angåande rettar og erfaren brukarrepresentant.
Praktiske opplysningar
Kurset går over ein dag.
Kurset finn stad i Auditoriet ved Ålesund sjukehus.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Pasientdeltakarane vert registrert som polikliniske pasientar, og betalar eigenandel etter gitte takstar.
I tillegg betalar ein kr 50,- for lunsj. Utgifter for mat gjeld både pasient og pårørande.
Eigenandelen går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Kontakt
Mona Sunde Grytten
70 10 58 40