Kvifor delta på kurs
Å leve med diabetes kan vere krevande. Samstundes er det godt å vite at du sjølv kan gjere mykje for å halde sjukdomen stabil. God kunnskap om diabetes kan gjere det enklare å leve med sjukdomen.
Du har ein viktig rettleiar i fastlegen din. I tillegg har du rett på opplæring. Mange har nytte av eit meir intensivt kurs, for å auke kunnskap og få motivajon, til å gjere dei endringane i livsstil som er naudsynt.
Diabeteskurset er ein god måte å kome i gang på. Der får du utveksle erfaringar med andre med diabetes.
Tilbakemeldingane frå tidlegare kursdeltakarar er svært positive. Pårørande vert også oppmoda til å delta.
Innhald
På kurset vert det teke opp ulike tema:
- Kva er diabetes?
- Behandling.
- Fastlegen/diabetesteamet si rolle
- Årskontroll
- Eigenkontroll av blodsukker
- Risikofaktorar og seinskader
- Kosthald
- Fysisk aktivitet
- Korleis leve vidare med diabetes
- Det vert lagt vekt på utveksling av erfaringar
Kurset vert halde av fleire fagfolk:
Lege, diabetessjukepleiar, ernæringsfysiolog, fysioterapeut og ein brukarrepresentant som sjølv har diabetes.
Praktiske opplysningar
Kurset vert fysisk ved Lærings- og meistringssenteret i Volda (Kløvertun). Her er det pr. dags dato plass til ca.20 deltakarar.
Det vil også vere mogleg å følge kurset digitalt heimanfrå. Du vil få tilsendt informasjon med lenke til digitalt kursrom på e-post i forkant av kurset. Oppgi gjerne i tilvisinga om du gjerne ønsker å delta digitalt.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på
pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske
timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk
konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som
har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre
rettar finn du her
Nyttige nettsider
Diabetesforbundet