Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Hjerneslag - Ålesund

For pasientar med hjerneslag og pårørande.

Tid og stad

Når

Årleg kurstilbod

Type arrangement

Gruppeopplæring

Du blir påmeldt når lege sender ei tilvising merka «slagkurs».
Tilvisinga sendes elektronisk til Medisinsk klinikk, Ålesund sjukehus.

Gi beskjed  dersom pårørande ynskjer å delta, pårørande treng ikkje tilvising.

Kvifor delta på kurs

Med kurset ynskjer vi at du og dine pårørande skal få økt kunnskap om hjerneslag, korleis førebygge nye hjerneslag og skape økt trygghet, forståelse og mestring i det å å ha opplevd eit hjerneslag.

Vi ynskjer også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.

Vi oppmodar pårørande til å delta på opplæringa.

Innhald

  • Kva skjer ved eit hjerneslag
  • Kosthald
  • Dei skjulte vanskane
  • Tilbod til slagsrammede
  • Rettigheiter
  • Medikamentar
  • Fysisk aktivitet
  • Utfordringar i møte med andre
  • "Utfordringar i kvardagen" - for pårørande

Det vart sett av tid til spørsmål og diakusjon.

Praktiske opplysningar

Parkering etter gjeldande reglement ved sjukehuset. Parkeringsgebyr kan betalast ved parkeringsautomat eller via Easypark app. 

Det blir servert enkel bevertning eller lunsj, nærmare informasjon om dette får du i innkallingsbrev. Faktura blir sendt i etterkant av kurset. Vennligst gi beskjed i god tid om det er spesielle behov vi skal ta hensyn til f.eks allergiar, hørsel e.l. Gje beskjed dersom du har allergiar eller ikkje ønsker bevertning.

Vennligst oppgi om du har spesielle behov vi skal ta omsyn til.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset. 

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Det er bindande påmelding. Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr. Faktura sendast etter kurset. 

Informasjon om eigenandel og andre rettar kan du finne på Helsenorge.no sine sider.

Les meir om betaling/gebyr og sjå oppdaterte satsar for helsetenester på H elsenorge.no  

Nyttige nettsider


Norsk forening for slagrammede

Kontakt

Relevante behandlingar