Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Hjarte - SNR Kristiansund

For deg som har gjennomgått hjerteinfarkt eller har angina pectoris. Pårørande er også velkomne til å delta

3.
november
2025
2 dagar
  1. 03. nov. 2025
  2. 10. nov. 2025

Tid og stad

Når

  1. 03. nov. 2025
  2. 10. nov. 2025

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Lærings- og mestringssenteret og Seksjon for kliniske støttefunksjoner

Kvar

SNR Kristiansund

Påmelding

Frist for påmelding: 20. okt. 2025

Kvifor delta på kurs

Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få økt kunnskap om hjartesjukdom, korleis førebygge forverring eller tilbakefall og skape økt trygghet, forståelse og mestring i det å leve med hjartesjukdom. Du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar. 

Vi oppmodar pårørande til å delta på opplæringa.

Innhald

Kurset har følgande tema:

  • Om sjukdom og medisinar
  • Å leve med hjartesjukdom
  • Trening og hjartesjukdom
  • Psykiske reaksjoner ved hjartesjukdom
  • Tobakk 
  • Informasjon om LHL

Praktiske opplysningar

Kurset er ein del av behandlingsforløpet så er det ikkje nødvendig med tilvising frå fastlege.

Pårørande som ynskjer å delta på kurset meldar seg på ved å kontakte Medisinsk poliklinikk.  Pårørande treng ikkje tilvising for å delta.

Det blir servert enkel bevertning eller lunsj, nærmare informasjon om dette får du i innkallingsbrev. Faktura blir sendt i etterkant av kurset.
Vennligst gi beskjed ved påmelding hvis det er spesielle behov mht allergier, hørsel, språk etc. 

Parkering etter gjeldande reglement ved sjukehuset. Parkeringsgebyr kan betalast ved parkeringsautomat eller via Easypark app.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset. 

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendast etter kurset. Pårørande betaler ikkje egenandel.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Det er bindande påmelding. Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr. 

Informasjon om eigenandel og andre rettar finn du på Helsenorge sine sider.

Egenandeler og pasientbetaling på sykehus og poliklinikk - Helsenorge.no

 

Nyttige nettsider

Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL)

Kontakt