Hjarterehabilitering - Volda

Tverrfagleg oppfølging for deg som har hatt hjarteinfarkt, har fått utført bypass operasjon, blokka/stenta kranseåre eller påvist avleiring i kranseårene.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Du treng tilvising frå lege for å delta på hjarterehabiliteringa.
Det kan vere sjukehuslege eller fastlege. Tilvising skal sendast elektronisk til Medisinsk poliklinikk, Volda sjukehus.
Ta kontakt med sjukepleiar Anne Grethe Vågen på medisinsk poliklinikk dersom du har spørsmål.

Kvifor delta på kurs

Målet med hjarterehabiliteringa er å kome i betre form, og få kunnskap om korleis du kan påverke helsa di. Det er også ei viktig målsetting å redusere angst og usikkerheit i samband med hjartesjukdom, både for deg og dine næraste.


Pårørande er velkomne til å delta på kurset.

Innhald

FØR

Før oppstart på hjartetrimmen skal ein vere klarert med sjukehuslege.

Du vil bli oppringt av fysioterapeut når du kan starte.

UNDER
Ulike tema knytt til kranseåresjukdom blir tekne opp:

  • Sjukdomslære om angina/infarkt.
  • Behandling av kranseåresjukdom.
  • Medikament.
  • Fysisk aktivitet og helse.
  • Kosthald og kolesterol.
  • Risikofaktorar for koronar hjartesjukdom.
  • Å leve med hjartesjukdom.

OPPFØLGING
Oppfølging tverrfagleg av individuelle rehabiliteringsmål.


Legen har det medisinsk faglege ansvaret. Alle får ein legekonsultasjon der ein kartlegg risikoprofil, måling av blodtrykk, puls, eventuelt EKG og diverse blodprøver, mellom anna kolesterol.

Sjukepleiar organiserer hjarterehabiliteringa. Ein kan også få konsultasjon der ein kan ta opp spørsmål og tankar du har.

Fysioterapeut har samtale før starten og ved avslutning av hjartetrimmen. Fysioterapeut hjelper til med individuell tilrettelegging og rettleiing under treninga.

"Hjartetrimmen"
Treninga føregår saman med fysioterapeut i gruppe. Trimmen er to gongar i veka, tysdag og torsdag kl. 13.30-14.45. Treningsperioden varer i 3 månader.

Hovuddelen av hjartetrimmen er lagt opp etter ein intervallmodell med fire pulstoppar. Elles er det øvingar for styrke, uttøying og avspenning. Treninga føregår til musikk, den er lystbetont og passar for alle.

Når kan du starte treninga?

* Etter infarkt/evt. med stenting: ca 4-6 veker

* Etter bypassoperasjon: 6-8 veker

* Etter blokking/stenting utan infarkt: ca. 2 veker

Tverrfagleg team

Sjukepleiarar: Maria Hansen, Anne Grethe Vågen.

Fysioterapeutar: Magnhild Vatn, Lena Due-Sørensen, Kine Ulvestad.

Legar: Svein Hareide, Helge Ose Velle, Synne Sandberg.


Praktiske opplysningar

Du betaler ein egenandel på rehabiliteringstilbodet. Pasientreiser dekker ein del av reiseutgiftene. Mat har du høve til å kjøpe i kantina på sjukehuset.



Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset. 

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her



Nyttige nettsider

Landsforeningen for hjerte- og lungesyke


Fann du det du leita etter?