Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Hjertestartar (ICD) - Ålesund

Kurs for personar som har hjertestartar (ICD) og deira pårørande.

Tid og stad

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Hjertemedisinsk poliklinikk Ålesund sjukehus

Ein treng tilvising frå hjartespesialist for å delta på tilbodet. Tilvising skal sendast elektronisk til Hjertemedisinsk poliklinikk, Ålesund sjukehus.

Oppgi om pårørande skal delta, pårørande treng ikkje eiga tilvising.

Kvifor delta på kurs

Målet med kurset er å auke kunnskap om hjertestartar for pasienten og pårørande, samt skape tryggleik, forståing og meistring. Gjennom kurset vil ein også få møte andre i liknande situasjon.

Innhald

Kurset vil innehalde innlegg frå hjertelege, fysioterapeut, spesialsjukepleiarar, NAV og lærings- og mestringssenteret. Det vil også bli innlegg frå LHL og brukarrepresentant som sjølv har erfaring med hjertestartar. 

Praktiske opplysningar

Dagskurset vert halde ved Ålesund sjukehus og er aktuelt for pasientar tilhøyrande Ålesund og Volda sjukehus.

Det vil bli servert lunsj, kaffe/te, samt frukt. Bevertning kr 200 (belastast via faktura i etterkant). Gi beskjed om du ikkje ønsker bevertning.

Buss stoppar på busslomma rett utanfor sjukehuset. Ved bruk av eigen bil må du nytte betalingsparkering ved sjukehuset. Parkeringsplassar for dei med forflyttingsvanskar skal være merka.


Det er bindande påmelding. Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belasta med eit ikkje-møtt gebyr.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset. Opplæring er likestilt med fråvær i samband med behandling/undersøking og kjem difor inn under same regelverket, både når det gjeld reiserefusjon og sjukefråvær frå jobb.

Du kan få refundert reiseutgiftene dine om du fyller vilkåra for reiserefusjon. Sjå nærare informasjon og evt. elektronisk registrering av reise på www.helsenorge.no. Reiserekningsskjema blir tilgjengeleg på kurset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort eller er pårørande. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

 

Kontakt