Kvifor delta på kurs
Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om ICD, korleis førebygge forverring og skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å ha ein ICD.
Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.
Vi oppfordrar pårørande til å delta på opplæringa.
Innhald
- Kvifor hjertestartar, utgreiing og behandling,-medisinar og førarkort»
- Psykiske aspektet ved å ha ein kronisk liding»
- «Korleis verkar min hjertestarter»
- «Å leve med ICD»
Praktiske opplysningar
Bevertning kr. 140. (inkl. kaffe/te, frukt og lunsj)
Bindende påmelding: Det er bindende påmelding. Ved ikke møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit ikkje møtt gebyr.
Parkering må den enkelte ordne med selv.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort eller er pårørande. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her