HELSENORGE

Hovudpine - Molde

Gruppe for pasientar.
Går kontinuerlig.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Tilvising skal sendast elektronisk til Nevrologisk avdeling, Molde sjukehus

Ønsker du å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlegen din for tilvising


Kvifor delta på kurs

Med kurset ønsker vi at du skal få auka kunnskap om hovudpine, korleis førebyggje forverring og skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med hovudpine

Vi ønsker også at du skal få utveksle erfaringar i møte med andre med same utfordringar og plagar.


Innhald

  • Undervisning om hodvudpine.

  • Deltakarane fortel om sin hovudepine, avdelinga deltar med å avklare individuell diagnose og behandling.

  • Å leve med hovudpine i kvardagen.

  • Øvingar og avspenning.

  • Rettar.

Det er nevrolog, sjukepleiar og fysioterapeut som held kurset.


Praktiske opplysingar

Kurset går over ein heil dag og deretter ein halv dag med oppfølgingskurs etter tre månader.

Bevertning: Du må ha med matpakke sjølv. Kaffe, te og vann/juice vert servert.


Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset. 

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her


Nyttige nettsider

Fann du det du leita etter?