Kvifor delta på kurs
Forstå samanhengen mellom tidlegare erfaringar og uhensiktsmessige reaksjonsmåtar i dag.
Prøve å utfordre og endre negative mønster på ein systematisk måte.
Innhald
Leveregel-/ skjemafokusert kognitiv terapi utvikla av Jeffrey Young. Kombinasjon av kognitive og psykoanalytiske metodar.
Strukturert form på gruppemøta og heimeoppgaver.
Ved å dele personlege erfaringar, tankar og kjensler med kvarandre, gjennom responsen frå dei andre gruppemedlemmene og terapeuten, vil ein gradvis forstå og meistre ulike sider ved seg sjølv og i forhold til andre menneske. Nye medlemmar føler ofte situasjonen som uvant og vanskeleg, men med aukande tillit og gjensidig interesse i gruppa vil ein gradvis få hjelp til å uttrykke følelsar og tankar som har blitt undertrykt eller er overveldande.
Praktiske opplysningar
Før oppstart i gruppe får alle pasientane individuell vurderingssamtale.
Saman med terapeuten finn ein ut om gruppetilbodet er den rette behandlinga no.
Gruppa møtast til faste tider 1 gong i veka, ca 2 timer kvar gong, til saman 18 veker.
Max 8 gruppemedlemmar.
Rettar og eigenandel
Sjukemelding: Dersom du treng sjukmelding, kontakt fastlegen din.
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Podcast om gruppeterapi