Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Korttids dynamisk psykoterapigruppe - Ålesund

For vaksne med psykiske lidingar og lettare relasjonelle vanskar, utan alvorlege personlegdomsforstyrring.

Tid og stad

Når

Ny gruppe ved nok deltakarar. Vanligvis kvart halvår.

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Kvar

Ålesund sjukehus
Du møter på Vaksenpsykiatrisk poliklinikk. Det er i bygget som ligg nordaust for sjukehusblokkene.

Tilvising skal sendast elektronisk til Psykiatrisk poliklinikk, Ålesund sjukehus
Ønsker du/dykk å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlegen din eller behandlar i spesialisthelsetenesta for tilvising.

Kvifor delta på kurs

Gruppeterapi er ei behandlings-form som har som mål å fremme betre sjølvforståing og å etablere betre løysingar på kjenslemessige og relasjonelle problem. Gjennom dette arbeidet er målet å redusere symptom og opne opp for personleg vekst og utvikling.

Innhald

I gruppemøta vil deltakarane utveksle erfaringar, tankar og kjensler med kvarandre. Gjennom responsen frå dei andre gruppemedlemmene og terapeuten, vil ein gradvis forstå og meistre ulike sider ved seg sjølv  og i forhold til andre menneske. Nye medlemmar føler ofte situasjonen som uvant og vanskeleg, men med aukande tillit og gjensidig interesse i gruppa vil ein gradvis få hjelp til å uttrykke følelsar og tankar som har blitt undertrykt eller er overveldande.

Praktiske opplysningar

Gruppa møtast til faste tider ein gong i veka à 1 ½  time, til saman 25 gruppemøter.

Talet på deltakarar: 8 – 10 medlemmar i gruppa inkludert terapeuten/ terapeutane.

Rettar og eigenandel

Sjukemelding: Dersom du treng sjukmelding, kontakt fastlegen din.

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjonom eigenandel og andre rettar finn du her

 

Nyttige nettsider

Podcast om gruppeterapi

Kontakt