Kvifor delta på kurs
Føremålet med undervisninga er at deltakarane skal få kunnskap om sjukdommen og ulike typar behandling, og at dei skal vite kva dei sjølv kan gjere for å leve best mogleg med sjukdommen i kvardagen. Dei skal også kjenne seg trygg på når dei bør kontakte helsepersonell som fylgje av sjukdommen eller behandlinga.
Innhald
- Sjukdomslære
- Medikament
- Kosthald
- Daglege aktivitetar
- Fysisk aktivitet
- Trygde- og sosiale rettar
Fleire yrkesgrupper og ein brukar bidreg. Undervisningsforma varierer mellom forelesingar, aktivitet individuelt og i grupper, og utveksling av erfaringar.
Praktiske opplysningar
Bevertning: Det serveres enkel lunsj, faktura sendes i etterkant av kurset.
Dersom det er behov for overnatting, tek ein kontakt med avdelinga.
Parker på sjukehusets gjesteparkering.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider