Tid og stad
Når
- 04. sep. 2024
- 05. sep. 2024
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Molde sjukehusKvifor delta
Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om Multippel sklerose. Vi ønsker å skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med MS.
Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.
Vi oppfordrar pårørande til å delta på opplæringa.
Innhald
- Kva er MS, behandlingsmetodar, medisinar og oppfølging
- Fastlegens rolle
- Moglegheit for spørsmål til nevrolog og fastlege og gruppesamtalar
- Kogvitive vanskar og strategiar i kvardagen ved psykolog
- Å leve med MS ved brukarrepresentant
- Fysisk aktivitet og rehabilitering ved spes.fysioterapeut
- Orientering om rettar ved sosionom
- MS i kvardagen ved spes.sjukepleiar
- Informasjon om MS-forbundet
* Med forbehold om endringar i innhaldet.
Praktiske opplysningar
Bevertning: Det vert servert kaffe/te, frukt og lunsj, kr. 260 for begge dagar. Faktura sendes i etterkant kurset. Gi beskjed dersom du ikkje ønsker bevertning. Gi i tillegg beskjed om det er andre omsyn ein må ta mtp. allergiar, hørsel etc.
Det er bindende påmelding.
Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed til avdelinga vil den enkelte bli belasta med eit gebyr.
Parkering må den enkelte ordne med sjølv.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon kr. 375. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort eller for pårørande. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Kontakt
Nevrologisk avdeling
71120480