Tid og stad
Når
Arrangør
Kvar
Solhagen i KristiansundKvifor delta på kurs
På kurset lærer ein om ADHD, og kva ein kan gjere for å betre handtere dei utfordringane ADHD kan føre med seg i kvardagen.
Innhald
Kurset er eit psykoedukativt gruppebasert program, og består av åtte kurssamlingar. Hovudmålet med kurset er å auke kunnskapen om ADHD og støtteordningar, inkludert strategiar som kan gjere det lettare å leve med ADHD. Det vil også vere tid til diskusjon og erfaringsutveksling mellom deltakarane.
Praktiske opplysingar
Kurset blir gjennomført inntil to gonger i året på ettermiddag i Kristiansund, Molde og Ålesund.
Det vil vere lett servering og kaffi.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Utfyllande informasjon om eigendel og andre rettar finn du her