Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

PEGASUS/ADHD og samtidig rusliding - Molde

Kurset er for personar med rusliding og ADHD, samt deira næraste. Ein kan også delta på kurset åleine.

Tid og stad

Når

Kurset blir gjennomført inntil to gonger i året. Det består av åtte kursdagar, ein ettermiddag i veka.

Arrangør

Fastlege eller annan instans med tilvisingsrett (kommune, NAV, spesialisthelseteneste, etc.) sender tilvising til avdeling for TSB.
Etter tilvising vil du bli innkalla til ein vurderingssamtale med våre kursansvarlege. Saman vil vi finne ut om Pegasus-kurset er det rette tilbodet for deg.

Kvifor delta på kurs

På kurset lærer ein om ADHD, og kva ein kan gjere for å betre handtere dei utfordringane ADHD kan føre med seg i kvardagen.

Innhald 

Kurset er eit psykoedukativt gruppebasert program, og består av åtte kurssamlingar. Hovudmålet med kurset er å auke kunnskapen om ADHD og støtteordningar, inkludert strategiar som kan gjere det lettare å leve med ADHD.  Det vil også vere tid til diskusjon og erfaringsutveksling mellom deltakarane.

Praktiske opplysingar

Kurset blir gjennomført inntil to gonger i året på ettermiddag i Kristiansund, Molde og Ålesund.
Det vil vere lett servering og kaffi.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Utfyllande informasjon om eigendel og andre rettar finn du her

 

Kontakt