Tid og stad
Kvar
Volda sjukehusKvifor delta på kurs
På dette kurset lærer du meir om ADHD, og kva du kan gjere for å betre handtere dei utfordringar som ADHD kan medføre i kvardagen. Det vil også være tid til diskusjon og utveksling av erfaringar mellom deltakarane.
Vi oppmodar pårørande til å delta på opplæringa.
Innhald
- ADHD hjå vaksne
- Medikamentell og psykologisk behandling
- Livsstilsfaktorar, strategiar og støtte i kvardagen
- Å leve med ADHD
- ADHD og relasjonar
- ADHD i arbeidslivet
- Støtte og tilbud frå samfunnet.
Praktiske opplysningar
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Det er bindande påmelding. Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr. Faktura sendast etter kurset.
Informasjon om eigenandel og andre rettar kan du finne på Helsenorge.no sine sider
Les meir om betaling/gebyr og sjå oppdaterte satsar for helsetenester på Helsenorge.no