Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Prostatakreft - Ålesund

Førebuing til strålebehandling av prostata.

Tid og stad

Når

Årleg kurstilbod

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Stråleterapien i Ålesund

Du vert automatisk tilvist til kurset når du tilvisast til strålebehandling for din prostatakreft.
Alle kan ha med ein pårørande. Pårørande kan delta utan eiga tilvising, men ein må melde frå om deltaking på telefon.

Kvifor delta på kurs

Kurset gir deg ei grundig innføring i strålebehandling og hormonbehandling. Innholdet i undervisningen er retta mot pasientar med prostatakreft. Kurset er relevant som førebuing før behandlingsoppstart, men også for dei som har fullført si behandling. Undervisninga er tverrfagleg.

Innhald

  • Førebuing og gjennomføring av stålebehandling

  • Verknad og biverknad

  • Ernæring

  • Fysisk aktivitet

  • Informasjon fra PROFO (Prostatakreftforeningen)

  • Seksualitet

  • Omvising i avdelinga

Praktiske opplysningar

Du vert automatisk tilvist til kurset når du tilvisast til strålebehandling for din prostatakreft.
Alle kan ha med ein pårørande. Vedkomande kan delta utan tilvising, men ein må melde frå om deltaking på telefon.

Betalingsparkering på tilviste plassar ved sjukehuset.
Du får dekt reise etter Pasientreiser sine takstar. Treng du anna transport, ta kontakt med fastlegen din.

Varm lunsj: kr 100.
Det er fint om du gjer beskjed viss det er noko vi skal ta omsyn til (allergiar, hørsel, språk etc.).

Gje beskjed om du ikkje kan møte! Forfall utan varsling vert belasta med ein dobbel eigenandel.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Nyttige nettsider

Prostatakreftforeningen (PROFO)

Kontakt

Relevante behandlingar