Kvifor delta på kurs
Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om prostatakreft, vi ønsker å skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med å ha/hatt prostatakreft.
Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.
Vi oppfordrar pårørande til å delta på opplæringa.
Innhald
Konsekvenser av behandling
Bekkenbunnstrening
Informasjon om hjelpemidler
Medikamenter og prostatakreft
Fysisk aktivitet og prostatakreft, inkl. Pusterommet
Å leve med prostatakreft ved brukarrepresentant
Det viktige kostholdet
Strålebehandling
Sykdommens innvirkning på hverdagen
Presentasjon av PROFO
Praktiske opplysningar
Bevertning: kr 240,- totalt for begge dagar. Faktura sendast i etterkant avkurset. Gi beskjed dersom du ikkje ønsker bevertning.
Det er bindande påmelding. Ved manglande oppmøte utan å ha meldt frå, kan ein bli belasta med tredobbel takst og den tel ikkje inn i opptjening til frikort.
Vi ber deg gi beskjed ved påmelding;
Dersom det er behov for annen kost pga. allergier eller annet
Dersom ein ikkje ønsker å lunsjservering
Om det skal tas andre omsyn til språk, hørsel etc.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon, som er 375 kr (pr. nov. 2021).
Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Prostatakreftforeningen