Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Rusbehandling TSB - Recovery - Molde

Gruppetilbod for deg som av ulike årsaker ikkje får til eller ønsker det tradisjonelle behandlingstilbodet.

Tid og stad

Når

Årleg kurstilbod

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Nye pasientar henvisast til Rusbehandling TSB Poliklinikk Molde, merkast Recovery-gruppe.

Kvifor delta på kurs

Recovery er ein unik personleg prosess uansett utfordringar eller livssituasjon. 

Dette er ei gruppe for deg som av ein eller annan grunn ikkje får til eller ønsker det tradisjonelle behandlingstilbodet. Målet er å redusere symptom og få ei betre fungering i kvardagen.

Innhald

Recovery kan definerast på mange ulike måtar. Vi kan sjå på det som å vere i ein endringsprosess. Vi tenker at du må definere din eigen prosess og sjølv bestemme kva den skal innebere. Det er du som er eksperten på deg sjølv, men vi kan bidra med rettleiing og fagleg kunnskap om du ønsker det.

Praktisk info

Kurset startar ved nok deltakarar og føregår over 10 kursdagar.

For å delta i gruppa er det ikkje krav om total rusfriheit, men ein kan ikkje delta i gruppa dersom man framstår som ruspåverka.

Ta kontakt med din behandlar i poliklinikken, Molde behandlingssenter om dette kan vere noko for deg.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her


NYTTIGE NETTSIDER

Kontakt

Relevante behandlingar