Kurset er spesielt tilrettelagt for deg som har nokså nyoppdaga sjukdom, (i løpet av dei siste par åra).
Pårørande kan og vere med.
Føremålet med undervisninga
Føremålet med undervisninga er at deltakarane skal få kunnskap om sjukdommen og ulike typar behandling, og at dei skal vite kva dei sjølv kan gjere for å leve best mogleg med sjukdommen i kvardagen. Dei skal også kjenne seg trygg på når dei bør kontakte helsepersonell som fylgje av sjukdommen eller behandlinga.
Fleire yrkesgrupper og ein brukar bidrar. Undervisningsforma varierer mellom forelesingar, aktivitet individuelt og i grupper, og utveksling av erfaringar.
Tema
Tema som blir tatt opp: sjukdomslære, medikament, kosthald, daglege aktivitetar, fysisk aktivitet, trygde- og sosiale rettar.