Kvifor delta på kurs
Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om smerte, korleis førebygge forverring og skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med kronisk smerte.
Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.
Innhald
- Mindfulness /oppmerksomt og nærvær
- Aksept og forpliktelsesterapi og pacing
- Søvnhygiene
- Stress og smerte
- Kosthald og smerte
- Smerte som sammensatt fenomen
- Medikament som blir brukt i smertesammenheng
- Å leve med langvarige smerter
Praktiske opplysingar
Kurset går kvar torsdag kl. 10.00-13.30 over 5 veker.
Bevertning: Det blir servert lunsj, kaffe og te. Vi sender faktura etter kurset. Gi beskjed dersom du ikkje ønsker bevertning.
Vi ber deg gi beskjed i god tid dersom det er spesielle behov vi skal ta omsyn til, for eksempel kost, høyrsel etc.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Smerteopplæring