KVIFOR DELTA PÅ KURS
I sorggruppa kan du dele kjensler og utrykke di sorg saman med nokon som "verkeleg forstår", og dei vonde opplevingane vert anerkjent og får plass. Ein kan både gi og få gode råd og informasjon, og det kan også gi livsmot og håp ved at ein ser og høyrer at det er mogleg å kome vidare i livet etter dødsfall.
Opplegget tilpassast gruppene og kan vere ulikt frå stad til stad.
INNHALD
- Sorgreaksjonar
- Å vere einsam
- Ressursar
- Identitet
- Meistring
- Framtida
- Sorg og minner
PRAKTISKE OPPLYSNINGAR
Tilbodet fins i Ørsta sokn og Ulstein sokn. Ta kontakt dersom du tilhøyrer andre kommuner i fylket.
Du kan også ta kontakt med preste- og samtaletenesta ved sjukehusprest Odd Erling Vik Nordbrønd tlf.
70 05 84 20 Du vil motta meir informasjon om tilbodet før oppstart.
Ta kontakt for å høyre om tilbodet/gruppene også kan passe for born/ungdom.
RETTAR OG EIGENANDEL
NYTTIGE NETTSIDER
Den norske kyrkja - Sorg