HELSENORGE
Revmatologisk poliklinikk

Leddgikt (revmatoid artritt) ved Ålesund sjukehus

Leddgikt eller revmatoid artritt er ein kronisk leddsjukdom prega av hovne ledd, leddsmerter og stivheit. Kroppen sitt immunforsvar går til angrep på eigne celler og vev og lagar betennelse (inflammasjon) i leddhinnene.

Innleiing

Revmatoid artritt kan arte seg svært forskjellig frå person til person. Nokon opplev milde symptom, medan andre har meir alvorleg sjukdomsforløp. Utan behandling kan sjukdommen føre til leddskade og nedsett funksjon. Påverknad av indre organ er sjeldan, men leddgikt kan gi auka risiko for å utvikle beinskjørheit (osteoporose) og hjarte-karsjukdom. Det er ikkje uvanleg å oppleve generell trøttheit eller utmatting.

I Noreg har ca. 0,5 % av befolkninga revmatoid artritt. Sjukdommen er tre-fire gongar hyppigare hos kvinner. Den kan starte i alle aldrar, men oppstår oftast hos personar over 50 år.

Symptoma kan òg kome og gå. Hos nokon svært få blir sjukdommen borte utan behandling. Andre opplev berre milde symptom, men dei fleste får likevel meir plager etterkvart dersom behandling ikkje blir sett i gang. Det finst i dag effektive medisinar som dempar betennelsen og lindrar plagene.

Dersom det er mistanke om at du har revmatoid artritt vil du bli tilvist til spesialist for utgreiing, og eventuelt behandling og oppfølging.

Tilvising og vurdering

Det er fastlegen som tilviser til utgreiing hos spesialist. På bakgrunn av opplysningane frå fastlegen vil du få innkalling til time. Dersom det er sterk mistanke om revmatoid artritt skal ventetida for utgreiing ikkje overskride fire veker.
Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Når symptoma er leddsmerter med spørsmål om revmatoid artritt ber vi om:                    
  1. Anamnese
    • Varigheit av leddsmerter
    • Morgenstivhet, tilstivning i kvile, bevegelseslindring?
    • Eventuelt effekt av NSAIDs? 
  2. Funn ved undersøking 
    • Hevelse i ledd? 
  3. Blodprøvar
    • CRP, SR
    • RF, anti-CCP, ANA

Utgreiing

Revmatologen vil snakke med deg og undersøke ledda dine. Skildringa di av plagene gir viktig informasjon til legen. Blodprøvar kan vise om betennelsesmarkørar (SR og CRP) er forhøga, og om det er førekomst av leddgiktsmarkørar (RF og anti-CCP). Dei fleste revmatologar brukar ultralyd som ein viktig del av undersøkinga. Andre bildeundersøkingar som røntgen og MR kan brukast for å kartlegge omfanget av leddbetennelse og moglege leddskadar.

Diagnosen blir basert på førekomst av leddbetennelsar av ei viss utbreiing og varigheit, saman med undersøkingar og opplysningane dine. Enkelte gongar kan diagnosen stillast ved første time, medan det andre gongar vil vere nødvendig med fleire undersøkingar og vidare oppfølging før ein kan sette ei sikker diagnose.

Behandling

Dersom du har revmatoid artritt er det aktuelt med vidare behandling. Behandlinga blir starta når diagnosen er stilt. Seinare kjem du til regelmessige kontrollar for å vurdere effekten. Ofte er det nødvendig å ta blodprøvar hos fastlegen mellom kontrollane på sjukehuset. Du og fastlegen får informasjon om dette. Når det er pågåande betennelse i ledda er det viktig å kome raskt i gong med behandlinga.

Behandlinga kan delast inn i symptomlindrande medikamentell behandling og sjukdomsreduserande antirevmatiske legemiddel (DMARD). Symptomlindrande behandling kan vere smertestillande (Paracet) og betennelsesdempande medisinar (NSAIDs som f.eks Naproxen og Ibux).

Dei sjukdomsreduserande medisinane dempar overaktiviteten i immunsystemet for å hindre utvikling av leddskade. Ofte er kortison (Prednisolon) aktuelt i starten for å få rask effekt, anten i tablettform eller som injeksjon i ledd. Det mest aktuelle sjukdomsreduserande legemiddelet er Methotrexate (eventuelt Salazopyrin og Leflunomid (Arava)). Det tar ofte 2-3 månader før desse medikamenta har effekt. Kortison er viktig for å dempe betennelsen i ledda i denne tida før DMARDs har effekt.

Dersom DMARD ikkje har tilstrekkeleg effekt åleine eller i kombinasjon, kan det bli aktuelt med biologiske legemiddel. Dette er medisinar som er framstilt for å verke på spesifikke delar av betennelsesprosessen. Dei biologiske medikamenta har best effekt når dei blir kombinerte med Methotrexate. Dei biologiske legemidla blir gitt som intravenøs infusjon eller blir sett rett under huda via ein sprøyte eller penn.

Behandling av revmatoid artritt går over mange år. Målet er at det ikkje skal vere teikn til betennelse i ledda. Du kjem til regelmessige kontrollar på sjukehuset og mellom desse behandlingane tar du kontrollprøvar hos fastlegen.

Oppfølging

Effekten av behandlinga blir følgd opp ved regelmessige kontrollar i spesialavdeling. I starten er det relativt hyppige kontrollar. Når behandlinga fungerer blir kontrollane i spesialavdeling sjeldnare. Det er viktig at du følger opp kontroll av blodprøvar hos fastlegen slik du får beskjed om, for å sjekke at behandlinga ikkje har utilsikta biverknader.

Sjukdomsreduserande medisinar og biologiske legemiddel dempar immunsystemet noko. Det er viktig dersom du har infeksjonssjukdom eller skal opererast at du oppgir at du bruker slik medisin.

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Spisestader

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Relaterte nyheiter

Fann du det du leita etter?