HELSENORGE
Medisinsk sengepost 2 Ålesund

Leverbiopsi, Ålesund

Leverbiopsi er ei undersøking for å kartlegge levera dersom blodprøver og andre undersøkingar har gitt grunn til å mistenke sjukdom i levra di.

Innleiing

Tilvising og vurdering

Det er fastlegen din eller ein lege ved sjukehuset som søker deg til leverbiopsi.

Før

Du skal faste frå midnatt kvelden før undersøkinga. Du skal ta blodprøver før undersøkinga.

Blodfortynnende medisiner skal ein som oftast slutte med frå 2-10 dagar før undersøkinga. Korr mange dagar avheng av kva medisiner du bruker. Dersom dette ikkje står klart i innkallingsbrevet du har mottatt, ta kontakt med fastlegen din eller sjukehuset i god tid.

Du får ei venflon i arma som ein kan gi væske eller medisinar gjennom. Nokre gongar kan det vere aktuelt å gi ein avslappande medisin før sjølve prosedyren.

Du får låne sjukehustøy (pysjamas) og blir trilla i seng til ultralydlaben på røntgen som skal utføre leverbiopsien.

Under

Røntgenlegen fører ei spesiallaga nål inn i levra og tar vevsprøve av det området som skal undersøkast. Før sjølve undersøkinga blir huda vaska og dekt til, og du får lokalbedøving i huda. Under sjølve prosedyren blir du bedt om å halde pusten. Sjølve prøvetakinga tar berre eit par sekund.

Etter

Etter undersøkinga blir du trilla i senga tilbake til sengeposten. Du må faste i ytterlegare 2 timar, og halde senga i noen timar. I denne perioden blir blodtrykk og puls kontrollert. Ein kan av og til få litt smerter mot høgre skulder eller bak i ryggen etter inngrepet. Ved behov kan ein få smertesstillande medisin, men vanlegvis er det ikkje nødvendig. Du bør unngå tunge løft veka etter vevsprøven.

Heimreise

Du kan reise heim etter at observasjonstida er over. Dersom det oppstår komplikasjoner, beholder vi deg på sykehuset til dagen etter.

Resultat av undersøkinga 

Vevsprøvene blir sendt til analyse hos patolog, og legen som har rekvirert undersøkinga får skriftleg svar. Du får nærare informasjon om resultatet og kva tiltak som ev. blir anbefalt. Dette vil skje anten ved at du blir innkalla til samtale, eller via brev eller telefon. Fastlegen din blir også orientert.

Vidare oppføging

Videre oppfølging vil skje hos fastlege eller ved poliklinikk på sjukehuset.



 

Ver merksam

Ta kontakt med avdelinga dersom du får sterke smerter i buken etter at du har reist heim.

Kontaktinformasjon

Informasjon om timeavtale og besøk

Har du fått innkalling til time, er blodgivar eller skal besøke nokon på sjukehuset? 

Sjå våre smitteverntiltak og gjeldande rutinar

Kart og parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

 

Kontaktperson blant pårørande

​For å kommunisere godt med dine pårørande ber vi om at de blir einige om ein person som vi kan ha kontakt med. Vi anbefaler at pårørande ringer oss mellom kl 12:00 - 14:00. Då skal vi vere tilgjegelege og gi best mogeleg informasjon. Pårørande kan også vere med på legevisitten, dersom du synest det er greitt.

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid

​​Besøkstida er kl. 17.00-19.00 alle dagar. ​

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Medisinar

​Det er viktig at du tar med deg ei oppdatert medisinliste, som viser kva medisinar du bruker.

Måltid

Frukost kl 08:00 - 09:00

Lunsj kl 12:00 - 13:00

Middag kl 15:30 - 16:30

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Permisjonar

​Dersom du går ut av avdelinga må du på førehand avtale dette med pleiepersonalet. Om du ønskjer det, og behandlande lege tillet det, kan du få permisjonar over kortare tidsrom. Transportutgifter i samband med permisjonar må du dekke sjølv.

Personlege eigendelar

​Ta med behagelege klede, innesko og toalettsaker. Sjukehuset tar ikkje ansvar for pengar og verdisaker du har med.

Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Spisestader

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Fann du det du leita etter?