Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Levertransplantasjon ved Ålesund sjukehus

I Noreg er det berre Oslo universitetssykehus, Rikshospitalet som utfører levertransplantasjonar.

Levertransplantasjon blir gjord hos pasientar som av ulike årsaker har fått alvorleg leversvikt. Dei fleste pasientane som blir levertransplanterte har kronisk leversvikt, andre har kreft i levra eller akutt leversvikt.

Utgreiing

Utgreiing til levertransplantasjon skjer på Rikshospitalet ved Oslo universitetssykehus (OUS). Du blir tilvist til OUS Rikshospitalet frå det lokale sjukehuset eller fastlegen din/legespesialist.

Det er ei omfattande utgreiing som tar fleire dagar. Hos pasientar med akutt leversvikt blir utgreiinga om mogleg noko kortare. Sjukehistoria di blir kartlagd, slik som tidlegare sjukdommar og komplikasjonar.

Du skal ta røntgenbilde av lunger, eventuelt CT-bilde. Vi tar også ultralyd av magen, hjarteundersøking med EKG, CT og eventuelt ekkokardiografi. Du skal til beinmineraltettleiksmåling, tannlege, sosionom og fysioterapeut. Det blir også tatt ei rekke blodprøver av deg.

Det kan vere du også må gjennom nokre av desse undersøkingane: ERC/MRC, leverbiopsi, endo-eller koloskopi, psykosomatisk vurdering, samtale med ernæringsfysiolog, PET-scan eller ein skjelettscitigrafi.

Behandling

Det er viktig å vere i best mogleg fysisk form i forkant av ein transplantasjon. Det er viktig at du gjer så mykje du greier, da vil operasjonen og opptreninga etterpå gå lettare.

Levertransplantasjon i Noreg blir gjord med organ frå avdød givar. I heilt spesielle situasjonar har vaksne vore leverdonor og gitt ein del av levra si til kritisk leversjuke barn.

Ventetida varierer frå dagar til månader. Uvisse knytt til ventetida kan vere vanskeleg. Du som ventar på levertransplantasjon, kan oppleve høg symptombyrde som påverkar livskvalitet både fysisk og psykisk. Det er ikkje unormalt å oppleve angst for ikkje å bli transplantert i tide og ha spørsmål om kvifor det tar lang tid.

Blodgruppe og kroppsstørrelsen til pasienten speler inn. Små kvinner ventar vanlegvis lengre enn store menn. Det er lurt å lage ein plan for kva som skal skje når du får beskjed om å komme til Rikshospitalet så snart som mogleg.

Det er oppretta ei sjukepleiefagleg oppfølging i ventetida som skal bidra til at du som pasient opplever auka tryggleik og får høve til å diskutere eventuelle utfordringar med kompetent helsepersonell. Meir informasjon om dette får du når du blir sett på ventelista.

Når du blir kalla inn til transplantasjon får du beskjed om du skal faste eller ikkje. Ta med deg oversikt over kva medisinar du bruker og gjerne medisineskene òg.

Når du kjem til Rikshospitalet, skal du gjennom mange undersøkingar på kort tid. Du vil få informasjon om desse undervegs.

Før operasjonen startar får du narkose. Ein ukomplisert levertransplantasjon tar cirka 4–5 timar. Ved komplikasjonar, eller om du har vore operert tidlegare, tar operasjonen gjerne lengre tid.

Du får eit snitt frå brystspissen og ned i ein boge eller vinkel til høgre side.

Den gamle levra blir tatt ut og den nye blir sydd inn same stad. Den nye levra blir operert inn i buken via eit snitt frå brystbeinspissen ned i ein vinkel til høgre side. Blodårar blir skøyta og gallegangen blir sydd til eigen gallegang eller til tarmen, og galleblæra blir fjerna.

Håndtegning av en transplantert lever. Flerfarget.

Illustrasjon: Rune Horneland

Tegning: Rune Horneland

Du som blir levertransplantert får som regel epidural smertelindring (EDA), som også vil verke ei stund etter at du har vakna frå narkosen. Ved epidural smertelindring vil du ha ei lita pumpe hengande på intravenøsstativet ved senga.

Slangen frå pumpa er kopla til eit tynt kateter som går inn i ryggen mellom to ryggvirvlar og pumpa sørger for at du får smertestillande kontinuerleg. I tillegg har du ein knapp som du kan trykke på når du treng ekstra smertestillande, for eksempel før du skal stå opp.

Det kan også vere at du i staden for EDA får PCA (pasientkontrollert smertelindring). Du vil ha ei lita pumpe hengande på intravenøsstativet ved senga. Slangen frå pumpa er kopla til eit venekateter i ei blodåre på armen.

Du har ein knapp som du kan trykke på når du har vondt. Da vil pumpa gi deg ein dose smertestillande som verkar i løpet av eit par minutt. I tillegg får du smertestillande tablettar. Rett etter operasjonen trykker sjukepleiaren for deg. Når du er ordentleg vaken, trykker du sjølv.

Over nokre dagar går du over til smertestillande tablettar.

Alle som blir levertransplanterte, ligg på intensivavdeling etter operasjonen. Kor lenge du blir liggande der varierer frå ein dag til veker. Deretter blir du flytta til sengeposten. Nokre pasientar vil trenge pustehjelp med respirator nokre timar eller dagar etter operasjonen. Du har ein del utstyr etter operasjonen, dette blir fjerna  dei første dagane eller veka.

Etter transplantasjonen gjer vi fleire undersøkingar for å sjå at den nye levra har det bra.  Dei neste vekene følger vi leverfunksjonen nøye og for justering av medisinar, dette blir gjort ved hjelp av blodprøver.

Om det ikkje er nokon komplikasjonar ved levertransplantasjonen, vil du vere innlagd på Transplantasjonskirurgisk sengepost og Nyre‐ og gastromedisinsk avdeling i 3‐4 veker. Deretter reiser du heim, eventuelt via lokalsjukehuset.

Ved komplikasjonar eller dårleg allmenntilstand blir tida på sjukehuset lengre.

For å forhindre avstøtning av det nye organet må du bruke fleire immundempande medikament resten av livet. Det blir ditt ansvar å ta rett dose til rett tid. Du vil få undervisning om dei nye medisinane og om livet etter transplantasjonen.

Ved levertransplantasjon er det cirka 25–30 prosent som får avstøtning. Flest avstøtninger oppstår dei første vekene etter transplantasjonen. Seinare minkar risikoen for avstøtning, og etter tre månader skjer det relativt sjeldan. Heldigvis kan dei fleste avstøtninger behandlast med medisinar.

Dei immundempande medisinane vil gjere at immunforsvaret blir lågare, og dermed gi auka risiko for infeksjonar med virus og bakteriar. Dette gjeld spesielt dei første månadene når dosane med immundempande medisinar er høgast. Infeksjonar kan behandlast med antibiotika (mot bakteriar) eller medisinar som drep virus.

Etter ein operasjon kan det oppstå komplikasjonar. Bløding, trombose og gallelekkasje er blant dei vanlegaste komplikasjonane. Av og til kan ein ny operasjon vere aktuelt.

Vi tar hyppige blodprøver og andre undersøkingar for å oppdage dette tidleg.

Oppfølging

Etter ein transplantasjon er det ein fare for å få infeksjonar og å utvikle visse typar kreft. Det er på grunn av dei immundempande medisinane du må bruke for å unngå avstøtning. Du blir følgt opp med omsyn til utvikling av hjartekarsjukdom, beinskjørheit (osteoporose) og andre komplikasjonar relatert til det å vere transplantert.

 

Dei som i utgangspunktet er i god form vil oppleve at allmenntilstanden vil vere sett ned og at det vil ta tid før du er på beina igjen. Fysisk aktivitet både før og etter transplantasjonen er viktig for å førebygge komplikasjonar. Heilingsstida på såret er vanlegvis mellom 8–12 veker.

Du må gå til vanlege kontrollar hos fastlegen.

Du blir kalla inn til kontrollar på Rikshospitalet 3 og 6 månader etter transplantasjonen. Etter dette vil du måtte komme til kontroll etter 1, 2, 3, 5, 7 og 10 år – deretter kvart femte år.

Ver merksam

Som transplantert må du forhalde deg til nye medisinar, biverknader og utfordringar som eit lågt immunforsvar kan gi. For å førebu deg på dette, får du eit omfattande undervisningsprogram som blir skreddarsydd etter behovet ditt.

Sist faglig oppdatert 09.05.2025

Kontakt

Ålesund sjukehus Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund

Kontakt Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund

Oppmøtestad

4. etasje, fløy KV.

Adresse

Opningstider

Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.

Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. 

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.