Avhengig av kva for sjukdom som blir påvist vil vi lage eit behandlingsopplegg som er tilpassa diagnose/problematikk og alder. Målet med all behandling er at barnet skal oppleve minst mogleg symptom dag og natt, færrest mogleg forverringar og best mogleg funksjon i dagleglivet – på ein lågast mogleg dose medisin.
Astma
Astma er den vanlegaste kroniske lungesjukdommen hos barn og unge. Behandling av dette er basert på bruk av førebyggjande medisin og anfallsmedisin.
- Førebyggjande medisin blir som regel teke som inhalasjon (pustemedisin) kvar morgon og kveld over ein lengre periode. Desse inneheld typisk kortison, eventuelt også langtidsverkande luftrørsutvidar (kombinasjonspreparat) . Det finnast fleire ulike typar førebyggande inhalasjonsmedisin. Førebyggande medisin kan også vere i tabelett-/pulverform ein gong dagleg, vanlegast då er Montelukast. Det kan ta fleire veker før barnet merker om denne type medisin har effekt.
- Anfallsmedisin er inhalasjonsmedisin som blir gitt ved anfall med pustevanskar eller mykje hoste eller som førebyggande før planlagt påkjenning. Barnet kan ta denne medisinen når som helst på døgnet og ein kan rekne med effekt i løpet av nokre minutt. Kan takast mange gongar dagleg. Doseringa blir bestemt av legen, men ved større anfall med tungpust er det ofte nødvendig med høg og gjentatte dosar. Kontakt lege dersom medisinen ikke har effekt eller berre har kortvarig effekt.
Behovet for medisin vil ofte variere i løpet av året og med alderen. Målet er god kontroll på symptoma. Alle barn skal ha ei skriftleg, indivuduell og oppdatert behandlingsplan for behandling av astma og astmaforverring utarbeida av legen sin. Rett inhalator med ekstra utstyr som masker og kolber i forhold til alder og riktig bruk og teknikk av utstyr er viktig. For meir informasjon, sjå for eksempel www.naaf.no/no/astma/
Fleire avdelingar tilbyr astmaskule til foreldre til barn/unge med astma. God informasjon og opplæring av pasient og pårørande er viktig for å oppnå god meistring av sjukdommen og lite plager i kvardagen.
Andre lungesjukdommar
Det finst fleire andre lungesjukdommar og behandlinga vert tilpassa diagnose/tilstand. Aktuell behandling kan vere inhalasjonar, slimmobilisering, fysioterapi, trening, antibiotika osv.