Det kan vere aktuelt å måle blodprosent/hemoglobin, sjå etter blod i avføringa med ein test og sjå etter magesårbakterien i ei avføringsprøve før du kjem til undersøking. Dette er undersøkingar som fastlegen set i verk.
Vidare får du eit innkallingsbrev der det er viktig å lese gjennom informasjonen. Der kan det stå beskjedar om blodprøver/avføringsprøver og viktig informasjon til deg som bruker blodfortynnande medisinar. Vidare kjem det til å stå skrive kor lenge før undersøkinga du skal faste, men som oftast vil dette vere frå midnatt dagen før.
I samband med undersøkinga får alle tilbod om lokalbedøving i svelget for å unngå brekkingar.
Hos nokre pasientar kan det bli aktuelt å gi roande medisinar intravenøst – dette blir vurdert individuelt når du kjem. Det er då viktig at du ikkje køyrer bil eller maskiner resten av dagen.
Undersøkinga blir gjennomført ved at legen fører eit gastroskop (lang slange med kamera på tuppen) ned til magesekk og tolvfingertarm for å sjå etter magesår. Det kan vere aktuelt å behandle eit magesår direkte med injeksjonar og klips dersom det er pågåande bløding. Det kan også vere aktuelt å ta vevsprøver i samband med undersøkinga (det gjer ikkje vondt).
Behandlinga eller undersøkinga gjerast fleire stader
Dei fleste har lite eller ingen ubehag etter undersøkinga, men nokre kan oppleve litt luftsmerter som er forbigåande. Ein kan som oftast ete 30 minutt etter undersøkinga, evt. 60 minutt etter undersøkinga dersom det er teke vevsprøver.