Før undersøkinga skal du svare på spørsmål for å avklare risiko for brot. Vi spør blant anna om tidlegare brot, sjukdom, medisinar, livsstil og arv. Vi registrerer også kva for osteoporosemedisinar du eventuelt bruker og når du starta med desse.
Under undersøkinga ligg du på ein røntgenbenk. Du ligg på ryggen med beina litt ut til sidene når vi undersøker hoftene. For å få riktig vinkel på hofteledda under målinga blir ein kasse med skrå sider plassert mellom føtene dine. Ryggen og hoftene blir skanna av ein "arm" som beveger seg over deg. Dette tek cirka 10 - 15 minutter. I nokre tilfelle tek vi også eit sidebilete av ryggen. Du ligge da på siden med øver arm kvilande på ei pute.