Det er fastlegen din som tilviser til mammografi og klinisk undersøking hos kirurg.
Kvinner i alderen 50 - 69 år blir i tillegg automatisk invitert til mammografiscreening i regi av Mammografiprogrammet kvart andre år. Hensikta her er å oppdage brystkreft i eit tidleg stadium.
Mammografiprogrammet
Du kan reservere deg frå å få invitasjonar til Mammografiprogrammet ved å senda ein e-post til mammografi@kreftregisteret.no, eller ved å fylle ut og sende eit reservasjonskjema per post til Kreftregisteret. Du kan også ringe Kreftregisteret på telefon 22 45 13 00 .
Ved bruk av e-post, ikkje send sensitive personopplysningar som sjukdom, diagnose og personnummer.