Metakolintest for barn og unge, Ålesund

Poliklinikk og dagbehandling for barn og unge Ålesund

 

Mannitol/Metacholin provokasjon.

Hensikta med undersøkinga er å diagnostisere og kontrollere astma.

 

1. Før

 

Dersom du dei siste 2 vekene har hatt, eller har ein pågåande luftvegsinfeksjon med feber eller er tydeleg forverra av din astma, vil det vere lite aktuelt å gjennomføre testen. Det same dersom du nyleg har hatt store allergiske plager.

Ved denne testen må det vere opphald av følgjande medisinar før testen (dersom ikkje anna er avtalt med lege på førehand):

  • Montelukast / Singulair:  4 døgn
  • Anti-histaminer som cetirizin, Zyrtec, Aerius, Clarityn, Tavegyl, Polaramin m. fleire: 72 timar
  • Oxis, Serevent, Seretid, Symbicort, Theo-Dur, Theovent: 24 timar
  • Airomir, Atrovent, Bricanyl, Buventol, Ventoline: 8 timar

2. Under

Mannitol eller Metacholin er stoff som kan gi samantrekning i bronkiane (som ved astmatisk besvær). Dette skjer lettare hos personar med astma. Testen avklarer grad av over-reaktivitet i luftvegane.

Testen startar med vanleg spirometri.

Deretter inhalerast Mannitol (pulver) eller Metacholin (damp) i aukande doser med ny spirometri mellom kvar dose. Testen blir avbrutt når det det blir klart fall i lungefunksjon, ved symptom eller dersom det ikkje blir vist nokon endring på høg dose (negativ test).

Ved fallande lungefunksjon blir det vanlegvis gitt astmamedisin (for eksempel Ventoline) og vi kontrollerer at lungefunksjonen vert normalisert.

3. Etter

Formålet med testen er å måle kor mykje/lite  som skal til for å få ein astmatisk reaksjon i bronkiane. Nokon vil få symptom på dette, andre kjenner ingen ting. Etter å ha fått vanleg astmamedisin skal lungefunksjonen vere normalisert og det er ikkje vanleg med plager etter at testen er fullført. Nokon få vil i etterkant av testen ha behov for meir medisin enn vanleg på grunn av symptom.

Resultatet av undersøkinga vil som regel bli gitt i samband med legekonsultasjonen i etterkant.

Kontakt

Poliklinikk og dagbehandling for barn og unge i Ålesund

Telefon
Ålesund: 70 16 75 50 - Molde: 71 12 15 45
Måndag - fredag kl 08:00 - 15:30
Postadresse
Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund

Ålesund sjukehus

Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

​Endre/avbestille time

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med vår ekspedisjon - på telefon. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Unytta timar som ikkje blir varsla vil bli fakturt. Ekspedisjonstida er frå måndag til fredag, kl 08.00 – 15.30.

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.