Førebuing heime
Ved narkose må barnet faste på førehand. Barnet må ikkje ete, drikke, ta medisin eller suge på pastill.
Kor mange timar faste avhengar av barnets alder (store barn frå kl. 24:00, og små barn frå kl. 04:00).
Ved narkose vert faste medisinar gitt etter undersøkinga.
Unntak: astmamedisin, epilepsimedisin og nokre gongar hjartemedisin.
På grunn av det sterke magnetfeltet må sjukehuset eller tilvisande lege på førehand vite om barnet har:
- Pacemaker
- Er operert i hjerne, auge, øyre eller hjarte
- Operert inn metall i kroppen (klips på blodkar i hovudet)
Ut frå desse opplysingane vurderer radiologen om undersøkinga kan gjennomførast.
Før undersøkinga må alle lause metallgjenstandar, klokke og andre verdigjenstandar leggast i ei oppbevaringsboks. Dei kan ikkje vere med i undersøkingsrommet, då dei kan bli øydelagde av magnetfeltet.
Høyreapparat kan bli påverka av magnetfeltet og må fjernast før undersøkinga.
Når barnet kjem på sjukehuset får han/ho innlagt ein veneflon.
Det blir gitt ein bedøvingskrem på førehand for at det ikkje skal gjere vondt.
For alle barn som har kjent nedsett nyrefunksjon skal det gjennomførast nyrefunksjonsprøver før dei vert tilviste til undersøking.
Ved behov kan barnet få roande medisinar før narkosen.