HELSENORGE
Fysikalsk medisin og nevropsykologi poliklinikk Ålesund

Muskel og skjelettplager

Utgreiing for muskel og skjelettplager diagnostiserer personar med vedvarande plager frå muskel- og skjelettsystemet. Utgreiinga blir utført av spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering som har spesialisert seg på sjukdommar, skader, funksjonssvikt i skjelett og musklar samt opptrening etter ulike sjukdommar og skader. Det kan vere aktuelt å drøfte problemstillingar i eit tverrfagleg team.

Ventetider

Tilvising og vurdering

Tilvisinga blir vurdert av spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering i tråd med prioriteringsrettleiaren. Tilvisinga skal vurderast av lege innan 10 virkedagar. Deretter får du brev med forventa ventetid for time.

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Følgande helseopplysningar, i tillegg til vanleg personalia, bør minumun vere nedfelt i tilvisninga:  

  • Symptombeskrivelse og varigheit
  • Relevante tidlegare sjukdommar
  • Funn ved kliniske undersøkingar hos tilvisande lege
  • Forløp og behandling som eventuelt er gitt samt eventuelt effekt av denne
  • Resultat av oppdaterte bildediagnostikk med opplysning om tid og stad for slik undersøking. Slik at bilder kan bli innhenta
  • Yrkesstatus med eventuell sjukmeldingsstatus 
  • Sivil/familiær status 
  • Viktige faste medikament


Før

Du får innkalling med informasjon om oppmøtestad og tidspunkt til time. 

Nokre vil òg motta ein sms om utfylling av skjema i forkant av timen hos oss. Det er ønskeleg at du fyller ut desse skjemaa i forkant slik at vi skal kunne gi deg ein best mogleg vurdering hos oss. Følg rettleiinga som blir gitt i sms.


Under

I konsultasjonen vil du møte ein lege og få tid til å legge fram di sjukehistorie før ei grundig undersøking.

Gjennom samtale med deg, og ei undersøking, vil legespesialisten danne seg eit bilde av mogleg årsak og oppretthaldande faktorar knytt til smertene dine. Du får informasjon og råd om kva du bør gjere vidare. 

For mange er den polikliniske konsultasjonen som er skildra over tilstrekkeleg både som utgreiing og råd om vidare behandling. Der det er aktuelt kan du få ei tverrfagleg vurdering og kortvarig oppfølging hos fysioterapeut i teamet.

Etter

Vi sender eit notat til fastlegen din med informasjon om diagnose og planen for vegen vidare. Der det er aktuelt blir du satt opp til kontroll hos lege, vidare behandling hos fysioterapeut eller avslutning etter utgreiing.


Kontaktinformasjon

Informasjon om timeavtale og besøk

Har du fått innkalling til time, er blodgivar eller skal besøke nokon på sjukehuset? 

Sjå våre smitteverntiltak og gjeldande rutinar

Kart og parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

Flyfoto med markerte parkeringsområde 

Slik blir parkeringa når ombygginga av ny hovudinngang startar 

Planlagt oppstart i oktober.


Raude felt som er kryssa over er tidlegare parkering for besøkande. Nye parkeringsområde er tilgjengeleg for besøkande, slik at det ikkje blir færre plassar i ombyggingsperioden.  

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Spisestader

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Fann du det du leita etter?