Førebuing heime
Faste
Du skal ikkje ete eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan drikke litt vatn, saft, brus, te eller kaffi inntil 2 timar før planlagt inngrep. Unngå snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Dersom du ikkje fastar før operasjon i narkose, kan vi ikkje gjennomføre behandlinga.
Røyking
Det er påvist at røyking oftare fører til lungekomplikasjonar (lungebetennelse) og sårinfeksjon. Dersom du røyker tar det også lenger tid å bli frisk. Du bør derfor slutte å røyke fire til åtte veker før operasjonen. Sjølv om du ikkje klarar å slutte å røyke fleire veker før inngrepet, er det viktig at du ikkje røyker den dagen du skal opererast
Smykke
Du må fjerne ringar, klokker, øyredobbar, piercingar, kontaktlinser, sminke og neglelakk før operasjonen. Briller og høyreapparat kan du ha på deg/med deg.
Medisinar
Ta med deg alle medisinar som du bruker til vanleg (alternativt ei liste over alle medisinar). Det er viktig at sjukehuset veit kva medisinar du bruker, spesielt gjeld dette blodfortynnande medisinar (Albyl, Plavix, Efient, Brilique, Marevan, Xarelto, Eliquis, Pradaxa, Persantin). Hugs også å sei ifrå om du bruker naturmedisinar, for eksempel ginkgo, ginseng og kvitløk.
Førebuingar på sjukehuset
Tannstatusen din
Vi må vite om du har protesar, bru, kroner, stifter eller lause tenner. Du kan bruke protesar frem til du kjem inn til operasjonsstova. Vi tek ut protesane før du sovnar.
Eventuelle allergiar
Du må sei ifrå om allergiar og matintoleranse, særlig dersom det er medisinar du ikkje kan ha. Før du blir lagt i narkose vil du igjen bli spurt om nakkeplager, allergiar og om du har kunstige eller dårlige tenner. Du har blitt spurt om dette tidlegare, men vi ønsker å vere på den sikre sida.